Registrere møtegodtgjersle og reise

Her finn du som politikar litt informasjon om korleis registrere møtegodtgjerlse og tapt arbeidsforteneste, og korleis registrere reiseutlegg. 

Registrering av møtegodtgjerlse og tapt arbeidsforteneste gjer du i Visma. Er det første gang du loggar på, kan det vere du må bruke BankID. 

  • Brukarnavn er di e-postadresse
  • Har du privat e-post adresse – lag eit passord
  • Har du kommunal e-post adresse – «Logg på med Azure Ad (Kinn kommune)»

Når du har logga inn i Visma

Bruk følgande steg:

  • Min Side
  • Ferie, fravær og timar
  • Grøn knapp: Ny timeføring
  • Velg dato for føring
  • Fyll ut alle felter med raud stjerne
  • Notat: Kva møte har du skal ha betalt for
  • Trykk Lagre og lukk

Når dette er gjort kjem du tilbake til kalender, og registrert møte vil vise her, men er ikkje sendt i dokumentflyt for godkjenning.

  • For å sende registering vidare, trykk på mappekort «Liste».
  • Registrert møtet ligger med status «ikkje levert».
  • Trykk på linja.

Her vil du finne det du har registrert, og kven som skal attestere og godkjenne før det går til lønsutbetaling. Sjekk at alt stemmer – trykk Send. Dersom du vil slette – trykk Rediger, for deretter å slette.

Registrering av reise og lønnsslipp

Reiser og kilometergodtgjersle skal registrerast i Visma Employee-appen. Den kan du laste ned via “Play Butikk” på Android einingar, eller “App Store” for Apple produkt.