Møtegodtgjersle, tapt arbeidsforteneste og reiseutgifterLytt til tekstenStopp avspillingHer finn du som politikar informasjon om korleis registrere møtegodtgjersle, tapt arbeidsforteneste og reiseutgifter.Den som har eit tillitsverv i Kinn kommune, har krav på skyss-, kost- og overnattingsgodtgjersle for reiser i forbindelse med vervet dekning av utgifter som følgje av vervet, også utgifter til andre for å utføre nødvendige arbeidsoppgåver, barnepass og andre omsorgsoppgåver ein i forbindelse med utøving av vervet ikkje sjølv kan utføre erstatning for tapt inntekt som følgje av vervetForskrift om folkevaldes rett til godtgjersle og velferdsgoder i Kinn kommune.I forskrifta finn du vilkåra for å få dekka utgifter, møtegodtgjersle, tapt arbeidsforteneste og arbeidsgodtgjersle.Du må sjølv registrere krav for å få utbetalt godtgjersle og få dekka andre utgifter som du har i samband med utføringa av vervet ditt. Logg inn i Visma her Registrering av møtegodtgjersleRegistrering av møtegodtgjersle gjer du i Visma. Dette bør gjerast kort tid etter møtet, og seinast innan 3 månadar.Sjå rettleiar for riktig registrering i Visma (PDF, 723 kB)Registrering av tapt arbeidsfortenesteDekning av tapt arbeidsforteneste føreset at du faktisk har lidt eit økonomisk tap.Registrering av tapt arbeidsforteneste og ulegitimert økonomisk tap gjer du i Visma.For lønstakarar må skrifteleg stadfesting frå arbeidsgjevar som viser faktisk lønstrekk, inkludert dato og beløp, sendast inn.Dokumentasjon og eigenerklæring på tapt arbeidsforteneste må du sende inn via denne lenka.Sjå rettleiar for riktig registrering i Visma (PDF, 723 kB)Registrering av reiseutgifterKrav om reiseutgifter og kilometergodtgjersle skal registrerast i Visma Employee-appen. Den kan du laste ned via «Play Butikk» på Android einingar, eller «App Store» for Apple produkt.Sjå rettleiar for riktig registrering i Visma (PDF, 723 kB)Rettleiar for registrering av møtegodtgjersle, tapt arbeidsforteneste og reiseutgifterSjå rettleiar for registrering i Visma (PDF, 723 kB) Publisert 05.09.2024 13.12 Sist endra 27.08.2026 06.59