Habilitetsvurdering

Habilitetsreglane skal sikre at avgjerder blir tekne på ein objektiv og tillitsvekkjande måte. Reglane skal både verne innbyggjarane, kommunen og den folkevalde sjølv. Konsekvensen av inhabilitet kan bli at vedtaket blir ugyldig.

Melding om mogleg inhabilitet

Er du i tvil om habiliteten din i ei sak, skal du melde frå så snart som mogleg og sende inn ei kort eigenvurdering. Dette gjerast ved å nytte skjema nedanfor.

Beskriv tilknytinga di til saka eller partane i saka, og kvifor du meiner det kan vere spørsmål om habiliteten din.

Eigenvurderinga er ikkje ei avgjerd om du er habil eller inhabil. Ho skal gi grunnlag for vidare vurdering. Det politiske organet avgjer habilitetsspørsmålet.

 

Om eigenvurdering av habilitet