Sentraladministrasjon

Sentraladministrasjonen består av kommunedirektøren med kommunalsjefar, og stabane Informasjon og service, Kommuneadvokaten, Anskaffing, Personal og Strategi og samordning. Det er ein kommunedirektør, og fire kommunalsjefar.

Stabane

  • Til tenesteområdet Informasjon og service ligg kommunen sitt ansvar for sentralbord, servicetorg, informasjon, kommunikasjon, dokumentsenter og politisk sekretariat.
  • Til tenesteområdet Personal og organisasjon ligg rekruttering, lærling oppfølging, konflikt handtering, lønnsforhandlingar, fastsetting av løn, kompetansekartlegging, ansiennitets berekning og HMS. Personalavdelinga tilrettelegg for medbestemming i ATO, i Arbeidsmiljøutvalet og i Administrasjonsutvalet.
  • Anskaffing har ansvaret for utarbeiding av konkurransedokument, anbodsutlysing, evaluering av anskaffingar for Kinn kommune inkludert dei kommunale foretaka. I tillegg har avdelinga ansvaret for felles rammeavtalar i Innkjøpssamarbeidet i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn (INSS)
  • Kommuneadvokaten gir juridisk rådgiving og bistand til kommunen sine organ og verksemder.
  • Strategi og samordning skal sikre felles tverrfaglege og sektorovergripande strukturar og arbeid, og vere støtte for kommunalsjefane og kommunedirektør.

Lovverk og skildring av ansvar som ligg til sentraladministrasjonen

Lovverk og skildring av ansvar som ligg til sentraladministrasjonen
Lovverk m.m.Krav til funksjon, oppgåve og organisering - lovverk eller rettleiar for kommunal sektor
Plan- og bygningslovaKrav til planleggingsfokusjon. Dimensjonerande for m.a. stabsfunksjonen. Planavdelinga løyser oppgåver til fysisk planlegging.
BarnehagelovaKrav til planleggingsfokusjon. Dimensjonerande for m.a. stabsfunksjonen. Krav til etablering av barnehagemynde med anna leiing og organisering enn barnehageeigar. (kommunalsjef) Dimensjonerande for leiing.
OpplæringslovaKrav til skuleeigar om skulefagleg funksjon utover ressursar til kvar einskild skule - gjeld kompetanseutvikling, tilstandsrapport og internkontroll. Er dimensjonerande for leiing og stab.
Helse- og omsorgslovgivingKrav til journalsystem, kommuneoverlegefunksjon, evaluering og rapportering og kompetanseutvikling. Er dimensjonerande for leiing og stab.
FolkehelselovaKommunen skal ha nødvendig oversikt over helsetilstanden i befolkninga. Er dimensjonerande for stab.
Sivilbeskyttelse-lovenKommunen skal jamleg gjennomføre ros analyse og treffe tiltak i samsvar med den. Er dimensjonerande for stab.
Nasjonalt program for velferdsteknologi«Helsedirektoratet ynskjer at kommunane tenkjer heilskapleg og tverrsektorielt, ved å integrerer og forankre tenestemodeller, slik at velferdsteknologi blir eit godt integrert tilbud til kommunen sin helse og omsorgstenester. Er dimensjonerande stab.
KS digitale tenesterKS meiner «kommunal sektor må planlegge for helhetlige og sammenhengende digitale tjenester for å møte innbyggernes og næringslivets behov og for å kunne utnytte digitale data i planlegging og oppfølging av egne tjenester. Er dimensjonerande for stab.
Krav i offentlighetslovaSaksdokument, journalar og liknande register for organet er opne for innsyn. Er dimensjonerande for stab.
Krav i rekneskaps-forskrifta, tariffavtale og kontrollKommuneloven (2018) inneholder flere sentrale bestemmelser om økonomiplanen, årsbudsjettet, årsregnskapet og årsberetningen. Er dimensjonerande for økonomiavdelinga og leiing.
ArbeidsmiljølovForsvarlig arbeidsmiljø, oversikt. Er dimensjonerande for leiing og stab
KommunelovForsvarlig utredning av saker, informere om kommune sin virksomhet, utarbeide personalpolitikk. Er dimensjonerende for fleire av stabane og leiing.
AlkohollovaBevilgning for salg og skjenking gis av kommunen, kommunen skal utarbeide plan og løpande sakshandsaming. Er dimensjonerande for stab.
AnskaffelseslovenRegulerer offentlege anskaffelser. Fremme effektiv bruk av ressursar og tillitvekkande prosessar. Regelverket legg og vekt på å fremme hensyn til miljø, bærekraft, gode arbeidsforhold og sosiale forhold.
SekretariatsoppgaverPolitiske utval og rådsorgan krev oppfølging i utsending, tilrettelegging og førebuing av møter. Kommuen følgjer også opp andre eksterne partar som t.d. grendelag, kultur, interkommunale fora, politråd. Dette er leiar og stabsoppgaver og er dimensjonerande.