Brukarmedverknad

Nærbilde av løv som ligg på bakken. Løva har høstfargar, og i bakgrunnen ser man høge tre.  - Klikk for stort bilete Kinn kommune, Frida Rogne

Brukarar har rett til å medverke, og tenestene har plikt til å involvere brukaren i undersøkingar og behandling og val tenestetilbod. Brukarmedverknad er ein lovfesta rett.

Brukarmedverknad kan hjelpe til treffe meir på utforming og gjennomføring av generelle og individuell tilbod.

Brukarmedverknad har ein eigenverdi. Menneske vil styre over viktige delar av livet, motta hjelp på eigne premissar, bli sett og representert i kraft i si grunnleggjande verdi. Ved å bidra og påvirke omgjevnaden med eigne val og ressursar, vil det kunne påvirke sjølvbilete på ein positiv måte og dermed styrke brukaren sin motivasjon.

God kommunikasjon mellom brukar og hjelpar er nøkkelen til samskaping og utvikling. Dette fordrar at begge partar er opne og lydhøyre

Fagkunnskap og brukarerfaring SKAL vere likeverdige grunnpilarar i Kinn kommune. Behandlar skal lytte og vere eit medmenneske.

Samskaping mellom hjelpar og brukar skal:

  • bli behandla med respekt.
  • bli tatt på alvor.
  • skape tillit og tryggleik.
  • få hjelp når behovet er der.