Om reforma

Kultur og helse har vore arbeidd med i tidlegare Flora kommune sidan 2015. Då etablerte kommunen i samarbeid med fylkeskommunen LEV VEL prosjektet.

Dette har utvikla seg til å bli ei tverrfagleg samarbeidsgruppe, beståande av fleire tenester innan helse og velferd, kultur og eksterne slik som Kystmuseet og eldreråd. Gruppa deler informasjon frå sine tenester og fagfelt, og peiker på behov som andre kanskje kan hjelpe med. Mange nye tiltak, særleg knytt opp mot aktivitet og samarbeid med andre som foreksempel  frivillige organisasjonar og Kystmuseet, har blitt styrka av dette samarbeidet. Det har blitt arbeidd mykje med å avklare strukturar for arbeid, og for å etablere og ansvarleggjere dei ulike rolllene som er med.

Leve heile livet - kvalitetsreform for eldre

For Kinn kommune har det vore naturleg å sjå på kvalitetsreforma Leve heile livet som ein fortsetting av dette arbeidet. 

Kvalitetsreforma Leve heile livet blei lansert gjennom Stortingsmelding 15 i 2018. Reforma er presentert for det politiske nivå i Kinn kommune gjennom sak 004/19 i Helse og velferdsutvalet, nov.19.

Reforma har ei tydeleg forventning om at kommunane legg planar for framtida sine tenester for eldre. Meldinga presenterer 25 konkrete og utprøvde løysingar, der ein ser at det ofte er svikt i tenestene. Hovudfokus er kvaltiet, tryggleik og verdigheit. Målgruppa er eldre over 65 år, både dei som bur heime og på institusjon. Målgruppa har ulike føresetnadar og store variasjonar i behov og ønskjer.

Målet for reforma er:

  • Fleire gode leveår der eldre får behalde god helse lenger, opplever at dei har god livskvalitet, og at dei i større grad meistrer eige liv, samtidig som dei får den helsehjelpa dei treng når dei har behov for den.
  • Pårørande som ikkje blir utslitt, og som kan ha ein jamn innsats for sine nærmaste.
  • Tilsette som opplever at dei har eit godt arbeidsmiljø, der dei får brukt sin kompetanse og gjort ein fagleg god jobb.

Innsatsområda er definert av stortingsmeldinga innan 5 område:

  • Eit aldersvenleg samfunn
  • Aktivitet og felleskap
  • Mat og måltider
  • Helsehjelp
  • Samanheng i tenestene

Kinn kommune er ein heimetenestekommune, og tiltaka i reforma må tilpassast strukturen i heimetenesta. Det følgande dokumentet, med vedlegg, presenterer vi korleis kommunen ser for seg å organisere prosjektet og arbeidet vidare implementering av nye tiltak. I tillegg presenterer vi ei kort status over nosituasjonen og det arbeidet som allereie er lagt ned i fleire av innsatsområda.