Leve heile livet-prisen 2020

Helse- og omsorgsdepartementet tildelte Kinn kommune "Leve heile livet"-prisen 2020. Prisen vart delt ut av helse- og omsorgsminister Bent Høie under "Leve heile livet"-konferansen onsdag 18. november.

Utdelinga fann stad digitalt, og ordførar Ola Teigen fekk prisen overrekt av fylkesmannen i Vestland, Lars Sponheim.

Sjå film av Kinn kommune sitt arbeid med Leve heile livet

Som ein del av kvalitetsreforma for eldre, «Leve hele livet», delast det årleg ut ein nasjonal «Leve hele livet»-pris. 2020 blei eit annleis år på grunn av koronaviruset, også i arbeidet med reforma. Difor vart det avgjort at prisen skulle tildelast ein kommune som hadde satt i gang gode tiltak for at eldre fekk oppretthalde aktive og meiningsfulle dagar.

I vurderinga har juryen vore opptatt av å sjå om kommunane som søkjer prisen har planlagt og sett i verk innovative tiltak for å sikre at seniorane får halde oppe aktiviteten sin, og sosial kontakt i denne krevjande tida. Vidare har dei sett på om kommunar som har sett i verk nytenkjande tiltak har identifisert og verdsett seniorressursar i lokalsamfunnet på nye måtar i ei krisetid der seniorbefolkninga har vore spesielt utsett.