LEV VEL

Bildet viser ni vaksne personar med små babyar samla fremst i Florø kyrkje. Personane sitt på golvet og snakkar saman. - Klikk for stort bilete

LEV VEL - kultur for helsa er eit fagteam som arbeider med kultur, livskvalitet, musikkterapi og for miljøbehandling skal vere tilgjengeleg for innbyggjarane i kommunen.

LEV VEL er organisert under kommunalsjef for helse og velferd i Kinn kommune. Samstundes jobbar medarbeidarar i LEV VEL tverrsektorielt i kommunen.

Befolkninga blir eldre, fleire menneske vert ramma av ulike helseplager og livsstilsjukdomar. For å møte denne utfordringa treng vi nye metodar og nye typar samarbeid, der kultur blir eit naturleg element innan helse og velferd.

Kultur har stor betyding for fellesskapet og einskildindividet. Kulturoppleving og deltaking kan gje menneske ei kjensle av samanheng og kan få reiskap til å møte utfordringar med eiga helse. Kultur er helsefremjande, førebyggjande og rehabiliterande.

Kultur og helse er eit komplekst fagområde og har mange inngangar både i behandling, deltaking og oppleving. Vi ser at ei god tverrfagleg tilnærming til kultur vil kunne gi helsesektoren ei vifte av tilbod/ressursar/behandling, og ein kan møte mennesket i ulike livsfaser. Føringar innan helse vektlegg meining, deltaking, meistring, livskvalitet og innhald.

På same måte vil denne tverrfaglege tilnærminga til kultur, vere naudsynt dersom vi skal stette kulturlova sine krav. Kulturlova gir det offentlege ansvar for å fremja og legge til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd, slik at alle kan få høve til å delta i kulturaktivitetar og oppleve eit mangfald av kulturuttrykk. Kinn kommune har gjennom kommuneplanen sin samfunnsdel vedteke at ein skal bruke kulturverksemd, idretts- og friluftsaktivitetar som eit verkemiddel for å skape betre livskvalitet, trivsel og bulyst i alle livsfasar. Kommuneplanen sin samfunnsdel seier òg at kommunen skal legge til rette for deltaking for alle, også dei som ikkje oppsøker tilbod på eigenhand. 

For å få dette til, og for å sikre kvalitet, er det naudsynt med systematisk og godt forankra samarbeid mellom kultur og helse.

Arbeidsområder for LEV VEL er kultur i helse, musikkterapi, miljøplan, kultur og litteraturformidling, rom for kunst, frivillige i helse, kvalitetsreforma "Leve heile livet".

Verdiar

LEV VEL– samfunnsorientert -  tverrfagleg – engasjement – medmenneskeleg - tilrettelegging.

På same måte som eit instrument vert stemt for å bevare harmonien sin integritet, vil LEV VEL jobbe mot å hjelpe menneske å samstemme med seg sjølv og samfunnet.

Visjon og mål

Visjonen er at kultur skal vere ein naturleg og sjølvsagt del av helse- og velferdssektoren.

LEV VEL skal jobbe for:

  • Kompetanse. Arbeide for å utvikle kompetanse på området.
  • Utvikling. Utvikle etablerte og nye tilbod etter behov.
  • Tenesteyting. Musikkterapeutisk behandlings- og aktivitetstilbod på individ og gruppenivå.
  • Koordinering. Koordinere samarbeid mellom sektorar.
  • Tilrettelegging. Fasilitere samarbeid og tiltak.
  • Initiere forsking. Samarbeid med regionale og nasjonal utviklings- og forskingsinstitusjonar.
  • Engasjere. Motivere til samskaping og gjensidig engasjement for å skape  gode tenester og godt arbeidsmiljø.