Systematisk kartlegging og oppfølgingObservasjon, kartlegging og oppfølging er ein raud tråd i det systematiske oppfølgingsarbeidet av alle typar pasientar og brukarar i Kinn kommune. For å utføre det nytter alle same elektroniske fagprogram CosDoc, som ivaretar krav til nasjonal kartlegging og registrering av gitt teneste. Det blir nytta ulike faglege scoringssystem for å kartlegge status, fange opp endringar og ikkje minst registrere positive effektar. Det blir jobba med å vidareutvikle og samkøyre prosedyrar som beskriv kva system/verktøy som skal nyttast for å sikre lik behandling av alle brukarar/pasientar. Målet er å bli enda betre på observasjon og samhandling med brukar/pasient og dermed få ein meir systematisk oppfølging av den enkelte. Gode verktøy som er kjent for både brukar/pasient og tilsette, aukar erfaringsmessig kvaliteten og realismen på tiltaka som blir bestemt iverksett. To kommunar har nyleg blitt ein og mykje samkøyring gjenstår. Fordelen er at ein har fleire moglegheiter og dobbelt opp av erfaringar og system å velje mellom. I ein slik fase er det eit positivt tiltak å samarbeide seg frem til neste praksis/beste praksis til beste for brukar/pasientane. Kompetansen hos dei tilsette er under kartlegging for å få ein kompetanseplan som har som målsetting å gjere kompetanseutviklinga målretta og forutsigbar ut i frå tenesta sine behov. Denne planen kjem i løpet av 2021. Publisert 16.11.2020 10.01 Sist endra 16.11.2020 10.01