Musikkterapi

Musikkterapi representerer ei tilnærming til helsearbeid som fremmer ressursar, motivasjon, brukarmedverknad og deltaking i eigen tilfriskningsprosess. Musikkterapi er eit helsefag med ein etablert forskingstradisjon for dokumentasjon av effektar. Samstundes er det eit musikkfag, der oppleving, meining, meistring og fellesskap står sentralt. Forsking på musikkterapi viser positive helseeffektar. Dette kan innebere auka livskvalitet, redusere depresjon og angst, god regulering og deltaking i kvardagen. Musikk skapar merksemd, vekker minner og betrar sinnstemning.

Gjennom tilpassa aktivitetar og prosessar ønskjer musikkterapien å gje brukaren eit fundament som kan generere livsmestring, godt sjølvbilde, reguleringsevne og emosjonskontroll.

Tenesta blir nytta som eit førebyggande og helsefremmande tiltak, som supplement til anna behandling, og som støtte til livsmeistring ved akutt sjukdom og andre helseutfordringar.

Det er viktig å vere bevisst på at ein ikkje treng å ha særleg erfaring med eller  interesse for musikk for å få nytte av musikkterapi. Mange har god nytte av den salutogenetiske og ressursorienterte tilnærminga som musikkterapeutar jobbar ut i frå.

Musikkterapeuten sine arbeidsoppgåver

Musikkterapeutar arbeidar ut i frå ein salutogenetisk helsefilosofi. Dette inneber at god helse ikkje berre er fråvær av helseproblem, men også nærvær av helsefremmande ressursar og eigenskapar. Musikkterapeuten arbeider personsentrert, med vekt på å mobilisere ressursar og gje mogelegheiter for samfunnsdeltaking i og gjennom musikk. Brukarmedverknad, likeverd og heilskap er viktig for å bygge godt psykososialt miljø der personen blir ivaretatt.  Ein musikkterapeut skal kunne gje ikkje-medikamentell behandlingstilbod til brukarar i omsorg.

Musikkterapeuten arbeider med individ og grupper i ulike behandlingskontekstar, men også med lågterskeltilbod i lokalsamfunnet.

Samstundes arbeider ein med endring på systemnivå, gjennom rettleiing og kompetansehevande tiltak. Musikkterapeutar har overordna ansvar for bruk av musikk på institusjon.

  1. Direkte musikkterapi
  1. Musikkterapeut inngår i behandlingstilbod som institusjonen kan tilby, gjennom tett samarbeid med lege, fysio-ergoterapeut, psykolog og primærkontakt.
  2. Vi tilbyr  musikkterapi individuelt og i gruppe.
    1. Musikalsk samhandling
    2. Reseptiv musikkterapi
  3. Sangstund i gruppe.
  4. Arrangere større konsertar/arrangement
  1. Rettleiing
  1. Rettleie og ansvar for gjennomføring musikkbasert miljøbehandling
  2. Rettleie helsepersonell i bruk av song
  3. Kulturarrangement – med på å kvalitetssikre ulike arrangement
  4. Samarbeid med kulturseksjonen og brukargruppe om planlegging og gjennomføring av Den kulturelle spaserstokken.
  5. Ansvar for implementering av musikkterapi i eldrehelse: planarbeid, arbeidsplanar, IPLOS, dokumentasjon,
  6. Kompetanseheving til andre profesjonar på musikk som kommunikasjon og emosjonell regulering
  7. Samarbeid tverrfagleg med lege, psykolog, fysioterapeut, ergoterapeut og sjukepleiar.

 

 

Om utdanninga

I Noreg har både Norges musikkhøgskole (NMH) og Griegakademiet ved Universitetet i Bergen (UiB) etablert musikkterapiutdanningar på masternivå, med tilhøyrande etter- og vidareutdanningstilbod og dessutan forskaropplæring på ph.d.-nivå. Begge institusjonar har også etablert aktive forskingssenter som er synlege internasjonalt og som bidreg med relevant kunnskap for utvikling av feltet i Noreg i dag.

Musikkterapiutdanninga  gjer ein i stand til å tilpasse seg etter kva det er brukar/klient har behov for. Det kan vere gjennom musikk, samtale eller andre kommunikative verktøy. Det viktigaste for ein vellukka behandlingsprosess er at det oppstår ein konstruktiv og likeverdig relasjon mellom musikkterapeut og klient.     

Tilrettelegging

Som musikkterapeutar legg vi stor vekt på å skreddarsy tilbod og å gjere oss tilgjengelege ut frå brukarane sine behov.

Vi nyttar kommunale lokale. I desse lokala vil ein ha tilgang til alle dei ulike fasilitetane, anten det er individuelle klientar eller små grupper. I tillegg kan vi ved behov  tilby heimebaserte tenester.

Forsking

Det skjer mykje innan forskingsfeltet på musikkterapi og eldrehelse.

Eldrehelse er svært samansett og for mange kan helsa vere utfordra av komplekse sjukdomsbilete. Det er auka merksemd på  musikkterapi som eit viktig fagfelt i møte med mange av desse helseutfordringane.  

På Griegakademiets senter for musikkterapiforsking finn du oppdatert litteratur på musikkterapi og eldrehelse.

Organisering av musikkterapi helse, sosial og omsorg

Fagleiar for kultur, miljø, musikk og livskvalitet sit i komunalsjef sin stab. Under dette er musikkterapeutane, kulturkoordinator og kreftkoordinator organiserte i eit fagteam STEMT/Leve heile livet. Teamet arbeider ut til alle tenester i helse, sosial og omsorg.

Bildet syner eit organisasjonskart som plasserer ulike tenester ut i frå kor dei er plassert i organisasjonen. - Klikk for stort bileteOrganisasjonskart som syner korleis organisering av musikkterapi i helse, sosial og omsorg.

Fagteamet STEMT/ Leve heile livet

Fagteamet har nokre få faste stillingar. Resten er prosjektbasert eller er organisert andre stader i kommunen men samarbeider om Leve heile livet/ kultur, miljø, musikk og livskvalitet i helse.

Bildet syner korleis fagteamet strukturer arbeidet sitt. - Klikk for stort bileteHer ser du korleis fagteamet STEMT/Leve heile livet jobbar og er strukturert.

Arbeidsoppgåver til fagteamet STEMT/ Leve heile livet

Bildet syner eit diagram som viser kva dei ulike personane i fagteamet jobbar med og kva ansvarsområde dei har. - Klikk for stort bileteHer ser du korleis fagteamet fordeler arbeidet mellom seg, og korleis ansvarsområde er fordelt.