Heilskap/samarbeid

I tidlegare Flora kommune har ein jobba tverrfaggleg med kultur og helse i fleire år. Kultur, fritid og helse har skapt gode rammer for samskaping og utvikling. Dette har vist seg meir og meir hensiktsmessig i forhold til å dele informasjon, gi tverrfagleg tilbakemelding, og synleggjere behov som ein ofte har funne løysingar på tvers av sektorane som er med. Det har og vore ein viktig arena for å diskutere mulige løysingar, utfordrande grensesnitt og ikkje minst forankring av nye tiltak.

I Vågsøy har ein hatt ei gruppe frivillige, Kulturgruppa 55+, med tre kommunale representantar som på mange måtar har gjort det same. Men der har hovudarbeidet handla om å skape aktivitet for dei over 55 år. Gruppa har stor driv og gjer mykje på aktivitetssida. Samtidig har ein opplevd utfordringar i møte med dei kommunale tenestene.

I nye Kinn og med ny organisering gjennom LEVE HEILE LIVET vil ein koordinere og samhandle på tvers av dei kommunale tenestene. Gruppene har fått status som arbeidsgrupper i prosjektet, og blir viktige fora å møte for dialog, forankring og medvirkning. Ein forventer og at desse gruppene vil leve vidare utover ein prosjektfase.

Grenselaus frivillig samhandling i omsorg

Som ledd i samanslåinga av kommunane og eit ønskje om tettare samarbeid mellom frivilligssentralane i Måløy og Florø, har Siv Anett Kupen (dagleg leiar Måløy frivilligssentral) og Bente Nilsen (dagleg leiar, Florø frivilligsentral) deltatt i  utdanninga Frivillighetskoordinering – eldreomsorg ved Verdighetssenteret.

Prosjektet har hatt som hovudmål at kommunikasjonen mellom tilsette og frivillige er så god, at det fører til meir friillighet og auka aktivitet for bebuarane i heile Kinn kommune.  

Visjonen er at alle frivillige som bidrar i omsorg føler at dei blir sett, ivaretatt og at jobben dei gjer vert anerkjent av tilsette og kommunen som heilskap.

Mellom anna har dette ført til meir formalisert samarbeid mellom helse og frivilligsentral.

Systematisk arbeid med miljøbehandling i omsorg

I 2018 blei det oppretta stilling fagleiar for kultur, musikk og livskvalitet i hele. Denne fagleiareren sit i kommunalsjef for helse og velferd sin stab.  Denne organisasjonsendringen har vore avgjerande for forankring av Leve heile livet i organisasjonen og ikkje minst synleggjer kommunen sin klare ynskje om å gjere gode kvardagar til eldre.

Våren 2020 har ein oppretta eit tverrfagleg team i Kinn kommune STEMT – team for kultur for helse  er eit fagfellesskap som arbeoder for at kultur, livskvalitet, musikkterapi og miljøbehandling skal vere tilgjengeleg for innbyggjarane i kommune. Her samarbeider ulike faggrupper på tvers av organisering. Sjå meir under STEMT

Alle institusjonar har tilsette med meiransvar for kultur og miljøarbeid. Dei heiter kulturvertar. Deira arbeidsområde er arrangement, planlegge kulturaktivitetar, koordinere frivillige.

Opplæring og gjennomført musikkbasert miljøbehandling med kontinuerleg oppfølging.

Vegen vidare

Særleg tre område viser seg som viktige for å gå vegen vidare:

Informasjons og kommunikasjonsarbeid:

Med utgangspunkt i at vi har ei brei vifte av tiltak, både knytt til oppleving og aktivitet, trening/læring, rehabilitering osv vurderer vi det slik at mykje handlar om å få informasjonen ut.

Dette arbeidet handlar både om å gjere det lettare for brukargruppene å finne fram og koble seg på dei aktivitane og tilboda som er relevant for dei. Det handlar òg om at den enkelte tilsette og pårørande kan stimulere sine nærmaste til å nytte seg av tilboda.

Informasjonsarbeid er også særleg viktig med tanke på å bygge omdømme. Noko som vil gå hand i hand med deltaking, medvirikning og  utvikling av nye tilbod.

Prosjektet har pr no prioritert å arbeide med å opprette ei heimeside, der all informasjon om tilbod, akitivitet og arbeid på område skal bli presentert på ein enkel og oversiktlig måte.

Medvirknings-,  samhandlings- og kompetanseutvikling:

Der det er samanfald av behov og tenester, bør det òg vere samhandling. LevVel gruppa i Florø har hatt gode resultat på dette området, gjennom å ha jamnlege møte gjennom heile året og over fleire år. Gjennom dette har ein kjennskap til kvarande sitt arbeid. Dette har styrka forståinga for dei andre.

Dette handlar også om medvirkning. Gjennom samhandling vil ein få betre kjennskap til og forståing for sin rolle i ein større heilhet, anten det er på individ/brukar nivå, blant tilsette eller som grupper. 

Medvirkning må derfor forståes både som noko som skjer på langs og heile tida, òg i særlege prosjekt og planprosesser. Utfordringa er ofte å få til medvirkning som gir meining. Å utvikle nye metoder og formalisere medvirkningsprosesser og samhandlingsprosesser er viktig.

Prosjektet vil i løpet av prosjektet gjennomføre ulike medvirkningsprosesser. I første rekke mot tilsette i heile organisasjonen. Vidare mot fokusgrupper av eldre og pårørande.

I tillegg vil prosjektet etter kvart opprette mindre arbeidsgruppe innan dei ulike satsingsområda i reforma. Dette vil vere viktig for å få fram reelle problemstillingar knytt til områda, samtidig vil det vere viktige medvirkningsarenaer og forankringspunkt. Første arbeidsgruppe som blir sett ned er ei gruppe knytt til Aldersvennleg samfunn. 

Planforankring

Leve heile livet er ein kvalitetsreform i omsorg. Samtidig peiker tydeleg på at dersom ein skal få dette til er det eit stort behov for samhandling på tvers av tenester og fagområder internt i den kommunale organisasjonen. Tematikken i Leve heile livet må derfor forankrast i heile planhierarkiet, frå kommuneplan til temaplan til virksomhetsplan. Dette for å sikre felles retning og ressursar i heile organisasjonen.

Planperspektivet blir (september 2020) styrka gjennom at arealplanleggar Marianne Grytten er med prosjektleiinga. Det blir sett ned ei arbeidsgruppe knytt til Aldersvennleg samfunn. Og særleg forholdet mot arealplanar blir viktig der. Samtidig er det viktig å sikre at temaet er godt nok forankra i samfunnsdelen og i dei vidare temaplanane.