Universell utforming

Bildet viser turstien som går langs Litlevatnet i Florø. langs stien ser man høge tre og løv i haustfargar.  - Klikk for stort bilete Kinn kommune, Frida Rogne

Universell utforming vil seie at omgjevnadane er utforma på ein slik måte at alle skal kunne nytte dei. God universell utforming fungerer som ein godt integrert del av bustader eller uterom utan at grepet stikk seg ut.

I Kinn kommune arbeider vi for at felles uterom og byrom skal vere universelt utforma. Dette er ein føresetnad for at alle skal kunne kome seg rundt på like premiss, og for at alle skal kunne få glede av å opphalde seg i det offentlege rom.