Medverknad i arealplanar og byggesak

Oversiktsbilde over Ytterøyane fyr. - Klikk for stort bilete Rune Helland

Ein viktig føresetnad for planlegging av eigen alderdom er å ta stilling til korleis ein vil bu. Mange vel å flytte i meir lettstelte bustader etter kvart som ein blir godt vaksne, og det er også då viktig at ein får moglegheit til påverke korleis ein kan sjå føre seg at desse kan fungere for å gje rom for det gode liv.

Det er viktig å tenke på kva område ein ynskjer å bu i. Er det i nabolaget kor ein alltid har budd det vil vere godt å fortsette å bu, eller er det betre å trekke inn til sentrale strøk kor ein har nærleik til servicetilbud, kafear og butikkar? Kvar vil det vere enklast å treffe folk og fortsette å delta i samfunnet?

For å kunne bu heime så lenge som mogeleg er det naudsynt at heimen er tilrettelagd for at det kan vere rom for eit endra funksjonsnivå kor ein vil kunne verte avhengig av hjelpemiddel. Det er naudsynt å sjå føre seg at ein skal kunne ha sjukdomsperiodar heime kor det kan vere aktuelt med bistand frå helsepersonell i heimen.

For å sikre utforming av gode bustader er det viktig at ein får til eit samarbeid mellom utbyggarar, planleggarar, helsepersonell og dei som ynskjer å bli bebuarar.

I Kinn kommune vil vi arbeide for å skape eit forum for dialog mellom dei som bygger og dei som skal nytte bustadane.

Har du innspel? Ta kontakt!