Skrivekurs for eldre

Vi har skrivekurs for eldre på institusjonan våre i Kinn.

Ønskje om å gripe tilvære med ord, har ingen alder.

Skrivekurs for eldre er eit pionerarbeid dreve av Kirkens Bymisjon sidan 2009. Ynskje om å gripe tilvære med ord, har ingen alder. Sju profesjonelle forfattarar har vore kursleiarar for deltakarar fra 50–100 år ved eldresenter, omsorg+ og sjukeheimar i Oslo. Å tilby kurs i kreativ skriving for eldre er ein måte å førebygge psykisk og sosialt funksjonstap på, og fremje  meistring, livskvalitet og positiv sjølvoppfatning hjå eldre.

Kinn kommune har eit samarbeid med Kirkens bymisjon i Oslo som har hatt opplæringsbolkar  for oss i Kinn Det er frivillige eller forfattarar som leier  skrivekurs for eldre på institusjon.

Tidsramme: 

1 gong kvar veke i 6 veker a  90 minutter

Antal personer/ bebuarar på institusjon:

4-6

Gode rammer:

Det trygge rommet med god atmosfære og  ramme. Viktig med lite stimuli rundt.

Førebuing:

Dekke på litt høgtideleg. Alle får kvar sin bok og blyant med namn på og fødselsdato. Kaffe, vatn og frukt.

Innhald / Køyreplan

  • Velkommen
  • Introdusere tema med kort samtale. ca. 5 min.
  • Skrive (20 – 30 min)
  • Lese opp kvar tekst og tilbakemelding frå gruppa og leiarane
  • Gje tilbakemelding om kva ein ser. Viktig å kommentere teksten og ikkje personen
  • Avslutning. "Tusen takk for i dag. Sjåast om ei veke".

Forslag til tema:

(klær, mat, strøm, rase, sang, tekniske ting, latter, humor, barndomsheimen,  ring, bøker, eventyr, ungdom)

Rettleiing: 

3. kvar veke.

Ynskjer du å leie eit skrivekurs kontakt Jorunn Bakke Nydal på e-post: Jorunnbakke.nydal@kinn.kommune.no.

Kontakt

Jorunn Bakke Nydal
Fagleiar miljø, livskvalitet og musikkterapi i helse / prosjektleiar «Leve heile livet»
E-post
Telefon 91 34 47 34