Musikkbasert miljøbehandling (MMB)

Musikkbasert miljøbehandling (MMB) er eit verktøy for helsepersonell i arbeidskvardagen. Dette er "snille" miljøtiltak som primærbehandling.

Kva er MMB?

  • Bruk av musikk som metode i den daglege omsorgen
  • Individuelt tilpassa og systematisk brukt, uavhengig av kven som er på jobb
  • Bygger bl.a. på Audun Myskjas vidareutvikling av Linda A. Gerdners konsept «Individualisert musikk» – music that has been integrated into the person’s life  and is based on personal preference.
  • Musikkterapeutane i Kinn gjev opplærin og har ansvar kontinuerleg oppfølgjing

MÅL

  • MMB er implementert som ein arbeidsform i aktuelle tenesteområder
  • MMB vert nytta i den daglige omsorgen der det er aktuelt
  • Tilsette kjenner metoden godt og har «sjølvopplevde erfaringar»
  • Brukarar / pasientar opplever auka livsmeistring
  • Tilsette brukar mindre tvang (helst ikkje) og unngår unødig medisinering i samspelet med brukarar/pasientar
  • Tilsette trivst og opplever bruk av MMB som meiningsfullt
  • MMB bidreg til førebygging og helsefremming – og mindre uro, stress og utagering i avdelingane!

Vi ønskjer

  • at MMB er eit gjennomgåande tiltak i vår helse og omsorgsteneste
  • å skape merksemd rundt bruk av musikk, og implementere musikk, berøring, bevegelse og rytme i «alt vi gjer» – med born, unge, eldre og sjuke – som del av mestringsarbeidet!

Prosedyre / ansvar for MMB

  1. Primærkontakt ansvar for igangsetting
  2. Finne problem / kva er vanskeleg
  3. Målsetjing / kva vil oppnå
  4. Kartlegging av musikksmak/ musikkpreferanse
  5. Avgjere / Finne tiltak
  6. Igangsetting og forankring hjå tilsette i avdeling