Leseombod

Du er ein frivillig som les høgt for sei som ikkje kan lese sjølv. Men det er og så mykje meir. Du er ein historie forteljar og gledesspredar, eit lyspunkt i kvardagen og som tek lyttaren ut i verda. Alle som les høgt kan bli leseombud.  Det er Florø og Måløy bibliotek som organiserer leseombud saman med helse og omsorg. Bibliotek har oversikt over leseombod og er hovudkontaktperson for leseomboda.  Biblioteket har ansvar for rekruttering og arrangerer inspirasjonssamling for leseomboda.

Helse og omsorg har nsvar for å organisere og følgje opp leseomboda ute på invitasjonane/heimane, oordinere og avtale med institusjonane og heimetenesta. Det skal vere jamnleg kontakt  med bibliotek. Institusjonane  har ansvar for å finne brukarar som kan ha glede av dette.  

Kulturvertar - Ansvarleg for leseombod på sin institusjon/avdeling

  • Ansvar for å legge inn i arbeidsplan/ "svarteboka"
  • Ansvar for dokumentasjon /registrering
  • Finne aktuelle brukarar til å delta – lage liste
  • Henge opp plakat og oppdatere den med dato
  • Vere tilgjengeleg for spørsmål frå frivi llig koordinator/lesevert. Den som kan «huskoden»
  • Bindeledd mellom brukar, leseombod, frivillig og leiing
  • Handle inn mat og drikke på førehand ( om det er ynskjeleg)
  • Sette fram aktuell servise/ Vaske på oppvaskemaskina dagen derpå

Ramme for lesestund

  • Vere forankra hjå tilsette
  • Vare ca. 20 min – 45 min (avhengig av brukargruppe)
  • Leseombod mmmå vere førebudd med bok eller eventuelt bilete, dikt eller song
  • Gruppe varierer mellom 2- 8 stk
  • Kan og lese aleine på romma
  • Gode rammer med eigna rom (skjerming , luft, lys)

Viktig for leseombudet

  • Kontaktperson for leseombud:
    • Kulturvert på institusjonane
    • Biblioteksjef for idear til litteratur
  • Skrive under taushetsplikt
  • Skal vere godt førebudd til lesestund
  • Dokumentere lesestundene

Kontakt

Eli Eidsvik
Biblioteksjef avd. Florø
E-post
Telefon 57 75 60 55