Kinn kulturskule

Kinn kulturskule er ein stor kulturskule med to avdelingar, ein i Måløy og ein i Florø. Skulen har brei kompetanse innan kunst- og musikkfeltet.

Kvar månad er kulturskulelærarane ute og har konsertar på institusjonane i kommunen. Det er varierande reportoir som spenner seg frå klassisk til folkeviser. Samarbeidet mellom kulturskule og helse er viktig. Vi skal gje innbyggjaren høve til å oppleve og delta i kunst og kultur, uansett livsfase. Dette er kulturskulen ein viktig bidragsyter til.

Samarbeidet er finansiert gjennom Den kulturelle spaserstokken.

Kven kan søke elevplass i kulturskulen?

Alle er velkommen til å søke elevplass i kulturskulen fortløpande, heile året. Både barn og vaksne kan søke, men barn og ungdom vert prioritert først. 

Kulturskulen er for alle som vil. I tilfelle der økonomi er ei utfordring for å kunne delta, har vi eit godt samarbeid med "Frivilligsentralen". Der kan ein søke støtte for å delta på 1 aktivitet pr elev (gjeld barn og ungdom).

Kulturskulen er eigd og driven av kommunen, og driv offentleg undervisning innan dei estetiske faga musikk, visuell kunst, dans og musikkterapi. Skulen har elevar i heile livsløpet frå barnehage til seniorkor.

Målsetjinga for kulturskulen er

  • å vere eit supplement til grunnskule og vidaregåande skule, innan dei estetiske faga.
  • å auke livskvaliteten til innbyggjarane i kommunen gjennom musikk, dans, kunstopplæring og musikkterapi, og ikkje minst gjennom oppleving av dei fire fagfelta.
  • å vere eit lokalt ressurssenter for kultur i tråd med Rammeplan for kulturskolen.

Sjå kulturskulen si heimeside her.