Ope hus Måløy

Gjennom midlar frå regjeringa si reform «leve heile livet» har Kinn kommune starta eit lokalt tiltak kalla «Ope hus». Dette er ulike kulturelle aktivitetar retta mot vaksne som er heime på dagtid. Aktivitetane finn stad på den nye E-fløyen på Kulatoppen omsorgssenter.

Gratis arrangement

Dette er eit gratis arrangement og vi ynskjer alle hjarteleg velkomne.

Kva skjer på ope hus?

Det vil bli servert enkel mat som kaffi, kjeks og frukt. Det blir moglegheit for sosialisering og nokre gongar har vi kulturelle innslag.

Når og kvar er ope hus?

Ope hus blir arrangert kvar måndag frå 12:00-13:00. Det blir arrangert på aktivitetssenteret i den nye E-fløyen på Kulatoppen omsorgssenter.

Kor finn ein informasjon om Ope hus?

Vi legg ut all informasjon om Ope Hus på Faceboook:
Følg vår facebookside: « LEV VEL – kultur for helsa»

Har du ein idè, ei tilbakemelding eller vil du vere med å arrangere Ope hus?

Har du idear til arrangement på Ope hus vil vi gjerne høyre frå deg. Vi ynskjer også tilbakemeldingar for å kunne bli endå betre. Om du ynskjer å være med å hjelpe til eller arrangere Ope hus, er du velkomen til å bli med på dette. Kontakt samfunnskoordinator Emilie på tlf. 948 86 756.

Prosjektmidlar

I Kinn kommune har vi fått prosjektmidlar gjennom «Leve heile livet-reforma» til lokale tiltak, som vi i Kinn har kalla for «LEV VEL». LEV VEL er prosjektet sitt namn, og inneberer alt i frå aktivitetar ute i lokalsamfunnet, til frivilligheit og miljøarbeid på institusjon. LEV VEL skal gi tilbod til både eldre heimebuande, dei som nyttar seg av dagtilbod og dei som bur på institusjon. Hyppigheita og innhaldet i tilboda varierer noko frå månad til månad.
Dei aktivitetane kor alle er velkomne til å delta på er det vi har kalla for «Ope hus».

Sjølv om reforma siktar seg inn mot eldre, ynskjer vi alle velkomne på våre arrangement. Vi trur nemleg at det å skape møteplassar på tvers av generasjonar gir menneske følelsen av fellesskap kor det gir rom for å lære av kvarandre.

«Vi trur at alle generasjonar har eigenskapar og ressursar som kan vere til nytte for andre». (Ref. Pensjonistforbundet i Norge).