Bibliotek

Vågsøy folkebibliotek held til i gate 1 nr 82 i Måløy sentrum. Her finn du bøker, lydbøker, magasin, DVDar for born og vaksne, tidsskrift – alt til gratis utlån. Vi har aviskrok med FjT, Sunnmørsposten og BT. I tillegg har vi trådlaust internett, publikums-PC med printer og stolar og bord til dei som vil komme innom og sette seg ned litt.

Om du ønskjer å låne bøker vi ikkje har kan vi bestille inn frå andre bibliotek – då må du rekne med litt ventetid. Utlånte bøker kan reserverast.

For å låne treng du eit lånekort. Ein kan velje mellom lokalt lånekort eller nasjonalt, då må du oppgje personnummer når du registrerar deg. Dette kan ein bruke ved dei fleste bibliotek i landet.

Kontaktinfo:

På websøk kan du logge inn med lånenummer og pin-kode og reservere, forlenge lån og slå opp i katalogen til biblioteket for å sjå kva vi har.

Har du ikkje pin-kode eller nasjonalt lånekort ta kontakt med biblioteket og vi hjelper deg.

For oppdatert informasjon om t.d. arrangement på biblioteket sjekk biblioteket si Facebook-side.

Opningstider:

  • Tysdag: 10:00 – 15:30
  • Onsdag: 12:00 – 19:00
  • Torsdag: 12:00 – 19:00
  • Fredag: 10:00 – 15:30
  • Laurdag: 10:30 – 14:00

Digitale tenester

Bookbites

Ein app bibliotek i Noreg tilbyr der du kan låne og lese e-bøker og nokre e-lydbøker. Du må laste ned appen til nettbrett eller telefon og opprette brukar. For å bruke appen må du ha lånekort og pin-kode. Det er gratis å låne i appen. For å laste ned bøkene må du vere på nett, men du kan lese dei utan nettilgang.

Merk at grunna oppdatering av appen i haust må du laste den ned på nytt dersom du har brukt appen tidlegare!

Les meir om Bookbites her.

Pressreader

Biblioteket tilbyr gratis tilgang til tusenvis av magasin og aviser på nettet – på mange forskjellige språk. Her finn ein både regionale og nasjonale norske aviser, men og mange interessante utenlandske publikasjonar.

For å få tilgang til Pressreader må du laste ned appen på nettbrett eller mobiltelefon, og så må du komme innom biblioteket og kople deg til vårt gjestenett. Då har ein full tilgang til innhald i 7 dagar. Når det har gått meir enn 7 dagar må ein kople på gjestenettet til biblioteket på ny for ny tilgang.

Les meir om Pressreader her.

Filmbib

Filmbib er ei strømmeteneste for norske kort- og dokumentarfilmar. Du får tilgang til tenesta ved innlogging med eit nasjonalt lånekort og pin-kode. Filmbib er tilgengeleg på PC, og som app for nettbrett og mobiltelefon.

Meir info og innlogging til Filmbib finn du her.

Nettbiblioteket / Bokhylla.no

Nasjonalbiblioteket har digitalisert bøker utgitt til og med år 2000. Desse er gratis tilgjengeleg på nettet for alle med norsk IP-adresse.

Her kan ein og søkje opp ei lang rekke nasjonale, regionale og lokale aviser. T.d. ligg nokre eldre årgangar av FjT tilgjengeleg her.

Nettbiblioteket finn du her.

Nasjonalbiblioteket har og ein nyttig hjelpeside til bruk av Nettbiblioteket her.

Biblioteksøk

Dersom du har nasjonalt lånekort med pin-kode, så kan du sjølv bestille bøker og andre media via Bibioteksøk. Du henter og leverer ved ditt lokale bibliotek

Biblioteksøk finn du her.

Leseombod

Likar du å lese høgt for andre? Har du ledig tid? Då kan du bli lesevenn ved ein av institusjonane i Kinn. Lesevenn er ein som les høgt for andre som ikkje kan lese sjølv. Som lesevenn er du ein døropnar inn i den litterære verda og eit lyspunkt i kvardagen.

Ønskjer du å bli lesevenn eller har spørsmål om ordninga, ta kontakt med Tamara Sortland (tlf. 57 84 51 30) eller kom innom biblioteket.