Seniorkor

Nærbilde av fire kvinner som syng i kor. - Klikk for stort bilete

Levde stemmer som syng saman er vakkert. I Florø har vi seniorkoret Sangglede som vart starta i 2009.

Koret er knytt til Kinn kulturskule og har om lag 70 medlemmar. Det er Jorunn Bakke Nydal som er dirigent.

Sangglede har øving onsdagar kvar veke.

Koret har ingen øvrig aldersgrense, men snitt alder er på om lag 75 år. Det sosiale aspektet er viktig.

Koret har eit variert repertoar med ulik vanskegrad. Dirigenten er opptatt av å finne stoff med utfordringar, men og repertoar som passar medlemmar som ikkje har sunge før. Oppvarming og stemmetrening er viktig. Når ein blir eldre ser ein at stemma også må haldast ved like. Det får du hjelp til i koret.

Kor betyr mykje for medlemmane. Det er meistring av å delta og utfordre seg musikalsk, det er sosialt og ei stor dose humor. Ikkje minst desse musikalske augneblinka av samskaping der all terping er gløymt, og ein kjenner kor sterke dei musikalske kreftene er.

Kinn kommune er stolt over å ha skapt denne arenaen, der kulturskulen er med å drive amatørkor for eldre, og har utvida samfunnsoppdrag til glede for byen sine innbyggjarar.

  • Dirigent er musikkterapeut Jorunn Bakke Nydal
  • Leiar i koret er Kjell Dybaa