Havglytt aktivitetssenter

Bildet syner to eldre menn som står ute og pratar med kvarandre. I bakgrunnen kan vi sjå ei folkemengde som spaserer langs ein sti.  - Klikk for stort bilete

Havglytt er eit tilbod til unge og eldre seniorar og alle andre.

Senteret har ein kafé som er open for alle. Der kan du kjøpe rimeleg og god middag, og mykje anna god heimelaga mat. Ein kan også bestille heimelaga kaker, rundstykker og snittar m.m.

Du kan godt berre komme og vere her, prate med folk, slappe av og lese dagens aviser. Vi har mange aktivitetar du kan delta på om du har lyst.

Origod AS har driftsavtale med Kinn kommune om drift av Havglytt. Origod leiger bygning og eigedom av Stiftelsen Havglytt. Dei som jobbar på senteret er tilsette i Origod, og senteret er ei avdeling i Origod AS.

Driftsavtalen omfattar all aktivitet ved senteret, som kafédrift og andre aktivitetar, samt utleige. I tillegg er det andre tenester ved senteret, som t.d. frisør, fotpleie, massasje m.m.

Kontaktinformasjon

HAVGLYTT
Hans Blomgate 10, 6900 Florø
Tlf.: 57 75 02 40
E-post: havglytt@origod.no

Opningstider:

Måndag – fredag kl. 8.30–16.00

Senteret ligg fint til i Hans Blomgate 10, like ved Kyrkjeparken og kort veg frå sentrum. Det har kafé, triveleg peisestove, bibliotek, arbeidsstove, store og små møtesalar, stort kjøkken, stor parkeringsplass, kontor for pensjonistlaget, LHL og Revmatikarlaget mfl.

Driftsleiar er Anja Runde
Tlf. 57 75 02 40
anja.runde@origod.no