Bibliotek

Florø folkebibliotek finn du på Florø kulturhus. Her kan du gratis låne bøker, lydbøker, film på DVD, lese aviser og tidsskrift, logge deg på trådlaust nett, bruke pc, studere, delta på arrangement, finne deg ein god stol og slappe av. Er det bøker biblioteket ikkje har, så kan vi fjernlåne frå andre bibliotek. For å låne bøker treng du eit lånekort. Du kan velje om du vil ha eit lokalt lånekort eller nasjonalt lånekort som gir tilgang til fleire tenester.

Kontaktinformasjon:

På websøkesida kan du søke i katalogen til biblioteket, logge deg inn med lånekort og pinkode, forlenge lån, reservere bøker og sjekke kva som er nytt i bibliotekhyllene.

For arrangement: Følg med på Florø folkebibliotek si Facebookside.

Opningstider:

  • Måndag, tysdag, torsdag, fredag kl. 10.00-15.30
  • Onsdag kl. 10.00-19.00
  • Laurdag kl. 11.00-14.00

Digitale tenester:

Bookbites:

Lån og les elektroniske bøker eller e-lydbøker. Bookbites er ein lese-og utlånsapp i Noreg som biblioteka tilbyr sine lånarar. Alle kan laste ned appen og opprette ein brukar. For å låne bøker/lydbøker må du ha lånekort og pinkode på biblioteket. Det er gratis å låne bøker. Du må laste ned bøkene medan du er på nett, men kan lese dei utan netttilgang (offline).

Les meir om Bookbites her.

PressReader:

Biblioteket tilbyr gratis tilgang til tusenvis av magasin og aviser på nett og på mange språk. Få tilgang til aviser som Aftenposten, BT, Dagbladet, Dagsavisen og magasin innan mange ulike interessefelt. For å få tilgang til PressReader på mobil eller nettbrett, så må du laste ned appen PressReader og kople deg på biblioteket sitt nettverk. Ein har då full tilgang til PressReader i 7 dagar. Du kan også logge deg på heime  via biblioteket si websøkeside med lånekortnummeret og pinkoden din. Då dukkar PressReader opp nedst til venstre i menyen.

Filmbib:

Filmbib er ei strømmeteneste for norsk kort- og dokumentarfilm. Du får tilgang til tenesta via ditt nasjonale lånekort. Logg på med lånekortnummer og pinkode. Filmbib er tilgjengeleg på Pc, smarttelefon og nettbrett (finst også som app).

Logg inn på Filmbib her.

Bokhylla.no og Avistenesta:

Bokhylla.no blei lansert i 2009. Nasjonalbiblioteket har digitalisert bøker utgitt til og med år 2000. Bokhylla er gratis tilgjengeleg for alle med norsk IP-adresse. Her kan du lese bøker og finne informasjon på din eigen PC.

Avistenesta: Nasjonalbiblioteket si avisteneste er tilgjengeleg via biblioteket sine datamaskiner og inneheld både landsdekkande aviser og lokalaviser. Nasjonalbiblioteket digitaliserer heile den norske avissamlinga.

Les meir om avistenesta her.

Biblioteksøk og Norgeslån

Dersom du har Nasjonalt lånekort med pinkode, så kan du sjølv bestille bøker, media via Biblioteksøk. Du hentar og leverer i ditt lokale bibliotek.

Lesevenn/leseombod

Likar du å lese høgt for andre? Har du ledig tid? Då kan du bli lesevenn ved ein av institusjonane i Kinn. Lesevenn er ein som les høgt for andre som ikkje kan lese sjølv. Som lesevenn er du ein døropnar inn i den litterære verda og eit lyspunkt i kvardagen. Ønskjer du å bli lesevenn eller har spørsmål om ordninga, ta kontakt med Eli Eidsvik (tlf. 57 75 60 55) eller kom innom biblioteket.

Kontakt

Eli Eidsvik
Biblioteksjef avd. Florø
E-post
Telefon 57 75 60 55