Viktige telefonnummer når du har det vanskeleg – eller er uroa for nokonLytt til tekstenStopp avspillingNokre gonger skjer det ting som gjer oss urolege, redde eller usikre. Kanskje opplever du sjølv vald eller overgrep. Kanskje er du vitne til noko som ikkje kjennest rett, eller du har ein mistanke om at nokon ikkje har det trygt heime. Då er det viktig å vite at du ikkje står åleine – og at det finst hjelp. I denne artikkelen finn du viktige telefonnummer og rask tilgang til hjelp.Kinn kommune deler desse telefonnummera fordi vi ønskjer at det skal vere enkelt å få støtte, råd og akutt hjelp når ein treng det. Anten det gjeld deg sjølv, barnet ditt, ein ven, ein nabo eller nokon du bryr deg om. Det finst nokon å ringe. Du skal bli møtt med respekt, og du kan kjenne deg trygg på at du blir tatt på alvor.Er du usikker på kva du skal gjere, er det heilt i orden å ta kontakt for å drøfte situasjonen. Det er betre å ringe ein gong for mykje enn ein gong for lite.Viktige telefonnummer i KinnEr du usikker på kva du skal gjere kan du drøfte saka anonymt med politi på tlf. 02800, barnevern eller krisesenter. Ring og avtal med fagpersonar.Akutt fare / pågåande vald eller overgrepPoliti: ring 112Ved akutte overgrep og farlege situasjonar (vald, truslar, mishandling som pågår).Barn og ungeKinn barnevern (sentralbord dagtid): 57 75 68 00Barnevernsvakta i Kinn (akutt): 47 45 72 72Telefonen er open måndag–fredag kl. 15.30–08.00,og i helg frå fredag kl. 15.30 til måndag kl. 08.00.Helsehjelp og overgrepsmottakOvergrepsmottak i Sogn og Fjordane: 116 117Legevakta i Kinn kommune (15.30–08.00): 116 117Tryggleik og kriseKrisesenteret i Sogn og Fjordane (døgntelefon): 57 74 36 00Seksuelle overgrep / støtte og rettleiingNok. – hjelpetilbod ved seksuelle overgrep: 57 72 10 70SMS: 94 89 28 23Gratis telefon: 800 57 000 Publisert 08.12.2025 09.00 Sist endra 02.12.2025 08.58