Viktig melding om el-sparkesyklar - ei oppmoding frå Politiet, Statens vegvesen og Trygg Trafikk

Politiet, Statens vegvesen og Trygg Trafikk ser ein stor auke i alvorlege ulukker og er sterkt bekymra for at det blir fleire ulukker i sommar når barn og unge har fri frå skulen. 

Foreldre og føresatte har hovudansvaret for barna i trafikken og vi ber dykk gjere følgande no

  • Snakk med barna om trygg bruk av el-sparkesykkel og trafikkreglane.
  • Sikre at køyretøyet er lovleg (hastigheit og effekt).
  • Syte for at køyretøyet er forsikra.
  • Pass på at barnet har hjelm som passar og at han blir brukt.

Du finner rettleiing til korleis du kan gjere dette på Trygg Trafikk si heimeside.