Viktig informasjon om negativ sosial kontroll og ufrivillige utanlandsopphaldLytt til tekstenStopp avspillingKommunen har motteke årets beredskapsbrev frå regjeringa om førebygging av tvangsekteskap, kjønnslemlesting og negativ sosial kontroll. Brevet blir sendt ut kvart år for å styrke arbeidet med å førebygge og avdekke slike forhold.Ver merksam dersom du er uroa for nokonVi ønskjer å minne deg som innbyggar om at det finst hjelp og rettleiing dersom du er uroa for at barn eller unge kan bli sendt til utlandet mot si vilje, eller bli utsett for negativ sosial kontroll, tvangsekteskap eller andre former for vald og overgrep.Kven kan du kontakte?Er du bekymra for nokon, kan du ta kontakt med politi, barnevern eller andre hjelpetenester i kommunen. Ved akutt fare skal politiet kontaktast på 112.Du kan også finne meir informasjon om kven du kan kontakte i kommunen sin eigne førebyggande plan og vald og overgrep her.Målet er tryggleik og førebyggingMålet er å førebygge og sikre at barn og unge får den hjelpa og tryggleiken dei har rett på. Publisert 19.05.2026 09.15 Sist endra 19.05.2026 09.41