Kommunedirektøren legg no fram dokumentet Attraktiv kommune i omstilling 2027–2030 (PDF, 924 kB), som skal danne grunnlag for det vidare arbeidet med økonomiplan og handlingsprogram. Saka skal til handsaming i finansutvalet og formannskapet torsdag 15. oktober - gå til saka i møteplanen vår her.
Kinn har eit samla omstillingsbehov på rundt 200 millionar kroner i perioden 2025–2030. Av dette er det lagt til grunn eit ytterlegare behov for å redusere dei årlege driftskostnadene innan 2030. Dette blir gjort reie for i budsjettbehandlinga.
Sidan juni har sektorane, i samarbeid med tillitsvalde, arbeidd fram tiltak for om lag 30 millionar kroner. Det viser at arbeidet har kome godt i gang, men også at det er behov for fleire tiltak og prioriteringar fram mot endeleg budsjett.
Tenestene arbeider med fleire og nye løysingar
Alle sektorane har vurdert korleis dei kan organisere arbeidet betre og bruke ressursane meir effektivt.
Innan oppvekst blir drifta tilpassa utviklinga med færre barn og elevar. I helse og velferd blir det arbeidd med betre ressursfordeling, bruk av velferdsteknologi og tilpassing av tenestene til framtidige behov.
Innan samfunn, kultur og miljø blir det mellom anna arbeidd med betre samordning av tenester og meir effektiv drift. I administrasjonen blir det vurdert betre bruk av lokale, digitalisering og samarbeid med andre kommunar.
Fleire av tiltaka er framleis under utgreiing, og tenesteområda må arbeide vidare for å finne løysingar som gir økonomisk balanse.
Omstilling gir også nye moglegheiter
Omstillingsarbeidet er ikkje berre retta mot reduksjon av kostnadar. Det handlar også om å utvikle kommunen og finne nye måtar å møte behova til innbyggarane på.
Gjennom betre samarbeid på tvers av tenestene, ny teknologi og meir målretta bruk av kompetanse kan kommunen utvikle arbeidsmåtar som gir betre ressursutnytting.
Samtidig held arbeidet fram med mellom anna førebyggande tilbod for barn og unge, bustadutvikling, rekruttering og samarbeid med næringslivet.
Borgarundersøkinga for 2026 viser dessutan ei positiv utvikling i innbyggarane si samla vurdering av kommunen, og peikar samstundes på forbetringspotensiale innan fleire område. Dette gir eit godt utgangspunkt for det vidare arbeidet med å gjere Kinn til ein attraktiv kommune å bu, jobbe og leve i.
Politikarane skal ta stilling til vidare retning
Saka skal handsamast i finansutvalet og formannskapet 15. oktober. Kommunedirektøren føreslår at dei økonomiske føresetnadene og utviklingsarbeidet i Attraktiv kommune i omstilling 2027–2030 (PDF, 924 kB) blir lagde til grunn for det vidare arbeidet med økonomiplanen.
Det inneber at kommunen skal arbeide vidare med tiltak for å få økonomien i balanse, redusere lånegjelda og utvikle tenestene innanfor dei økonomiske rammene dei komande åra.
Fleire av tiltaka er framleis under utgreiing og må vurderast nærare før det eventuelt blir teke konkrete avgjerder om gjennomføring.