Vi skal teste ny teknologi for reinsing av avløpsvatnLytt til tekstenStopp avspillingI dag blir ein 40-fots container med nyutvikla teknologi for reinsing av avløpsvatn levert til Florø. Modulen skal plasserast ved det eksisterande reinseanlegget på Stranda, der han skal vere i drift i ein fireårsperiode.Tidlegare testar har gitt svært lovande resultat. No skal teknologien prøvast ut under lokale forhold i Florø for å verifisere effekten.Del av forskings- og utviklingssamarbeidTestinga er ein del av eit forskings- og utviklingssamarbeid mellom Kinn kommune, Renasys, Hellenes og fleire nabokommunar. Arbeidet inngår i prosjektet Mission Zero.Her blir containaren plassert ut i Stranda.Utvikling av betre løysingar for avløpsreinsingMålet med prosjektet er å utvikle og dokumentere meir effektive metodar for reinsing av avløpsvatn. Mellom gevinstane ein ønskjer å oppnå ermindre arealbehovmindre bruk av kjemikaliarhøgare reinseeffektlågare kostnader ved bygging og drift av anleggVi er stolt over å vere med i dette arbeidet. Teknologien kan gi både miljømessige og økonomiske gevinstar, og bidra til meir berekraftige løysingar for å handtere avløp. Publisert 09.06.2026 14.34 Sist endra 09.06.2026 14.34