Vi gratulerer Andreas med bestått fagprøve i vegdrift- og vedlikehaldsfaget!

Andreas har nyleg bestått fagprøva og fått bagbrev i veg- og vedlikehaldsfaget hos oss! Vi gratulerer så mykje!

Andreas gjennomførte læretida hos vegavdelinga i Florø dei siste 2,5 åra, og har utført eit godt arbeid gjennom heile læretida. Han er alltid positiv og læringsvillig, med ein god kommentar på lur. 

Vår nye fagarbeidar blir å sjå rundt om kring på dei kommunale vegane i tida framover - der det er behov for vedlikehald av vegnettet og andre oppgåver.