Veterinærvakt lyst ut på anbodLytt til tekstenStopp avspillingViser til tidlegare informasjon om at Kinn vaktdistrikt mangler full veterinærdekning. Kinn kommune har lagt ut anbod om veterinærvakt på Doffin med frist 13. februar. Om vi får veterinærar er det mogleg å betre situasjonen frå mars månad.Per i dag har vi ikkje dekning for måndagar, onsdagar og kvar 4. helg (2. - 4. januar, 30. januar - 1. februar, 27. februar - 1. mars). Vi har ikkje lukkast å få veterinærane som har vaktordninga til å gå med på ein ny avtale. Inntil då har vi ikkje full dekning.Veterinærane skal ha ferie i veke 4 og 5.På grunn av ferieavvikling i veke 4 og 5, vil to veterinærar ha vakt fra måndag til tysdag og tysdag til onsdag i veke 4 og 5. Altså ikkje vakt onsdag til torsdag og torsdag til fredag.Frå veke 6 fortset vi med måndag til tysdag og onsdag til torsdag som udekka vakter. Vi minner om at veterinærane har ei plikt til å hjelpe i naudstilfelle jf. § 14. i dyrevelferdslova. Vi jobbar for å få til ei løysing for å få på plass full dekning for veterinærvakta. Publisert 19.01.2026 19.42 Sist endra 19.01.2026 19.42