Varsel om svært kraftige vindkast måndag 21.10.2024Lytt til tekstenStopp avspillingMåndag 21.10.2024 er det varsla svært kraftige vindkast. Kommuneleiinga har søndag hatt møte og vurdert situasjonen. Sidan Måløybrua truleg vil vere stengt i eit lengre tidsrom på føremiddagen er det bestemt at elevane ved Skram skole og dei ved Vågsøy ungdomsskole som må krysse brua skal ha heimeundervisning. Vi har avtale med Sea Service om transport av tilsette ved kommunen sine helse- og omsorgstenester, barnehagar og skular.Vi følgjer utviklinga av vêret kontinuerleg og vil oppmode alle om å sikre lause gjenstandar som vinden kan rive med seg og ikkje opphalde seg i utsette område.Les farevarselet herLes meir om korleis du kan bu deg på uvêr på sikkerhverdag.no Publisert 20.10.2024 15.47 Sist endra 20.10.2024 15.59