Varsel om oppstart av formell forhandling om utbyggingsavtale i GunhildvågenLytt til tekstenStopp avspillingKinn kommune varslar med dette formell oppstart av forhandling om utbyggingsavtale med Trygve Ullaland AS, Trolleskjæret AS, Florø Hamn AS, Global Fish AS, EWOS AS og Morten Mortensen gbnr 27/27. Grunnlag for forhandlingane er Privat detaljregulering for Gunhildvågen, gbnr 27/27 mfl. industri og veg, planID: 20220108.Føremålet med å inngå utbyggingsavtale er å sikre etablering av ny offentleg tilkomstveg med gang- og sykkelveg innanfor planområdet til reguleringsplan. Nærmare opplysningar om arbeidet med avtalen kan du få ved førespurnad til Kinn kommune, teknisk avdeling, rådgjevar eigedom, Malin Skorpen Østvik, tlf. 92 41 27 54 eller teknisk sjef, Frode Ellingsund, tlf. 99 25 46 99. Publisert 05.01.2026 07.57 Sist endra 05.01.2026 07.57