Uventa snøfall skapar utfordringar – vi ber folk køyre varsamtLytt til tekstenStopp avspillingDet uventa snøfallet som har kome natt til i dag og i løpet av dagen, har ført til krevjande forhold fleire stader i kommunen. Sidan dette er ei særs uforutsett hending på denne tida av året, har det ikkje vore mogleg å organisere brøyting i forkant.Kommunen oppmodar alle trafikantar om å vise ekstra aktsemd i trafikken. Vegane kan vere glatte, og folk flest har allereie lagt om til sommardekk - noko som aukar risikoen for uhell.Vi ber folk tilpasse farten etter forholda og vurdere om det er naudsynt å køyre. Det vert følgt med på vêrsituasjonen, og eventuelle tiltak blir vurderte fortløpande.Spesielt Idrettsvegen i Måløy bør køyrande halde seg unna, då vi har fått meldingar om at det er spesielt vanskeleg tilhøve på denne vegstrekka. Publisert 05.05.2026 12.11 Sist endra 05.05.2026 12.24