Uteområde til Skavøypoll barnehage har fått eit etterlengta løft!

Uteområdet ved Skavøypoll barnehage har no fått eit etterlengta løft. Det som tidlegare var eit område med få og utdaterte leikeapparat frå 1980-talet, er no forvandla til ein moderne, trygg og innbydande leikeplass for dei minste barna.

Uteområdet har over tid vore det mest nedslitne barnehageområdet i kommunen, og for 2026 valde politikarane å løyve 1,2 millionar kroner til ei full oppgradering.

Etter ein grundig anbodsrunde med fem innkomne tilbod, vart oppdraget tildelt Utemiljø AS frå Sandane. Dei har levert eit vakkert, funksjonelt og trygt uteområde som både barn og tilsette vil få stor glede av i mange år framover.

I dag vart anlegget offisielt overteke av kommunen.

Prikken over i-en er lyssettinga av den overbygde sandkassa, utforma som ein leikebåt – eit flott blikkfang og ein ekstra koseleg møteplass for leik og fantasi.