Innbyggarinitiativ - Florølandetgrensa
Politikarane skal handsame eit innbyggarinitiativ signert av 415 innbyggarar. Saka omhandlar innføring og bruk av eit geografisk avgrensa område, om lag 250 mål med næringsareal, før ein opnar for bruk av nye urøyrde naturområde til næring. Saka vert lagt fram for politikarane med framlegg om å handsame innbyggarinitiativet som innspel i sluttføringa av kommuneplanen sin arealdel.
Møteplan for 2026
Møteplanen for 2026 legg grunnlaget for ei jamn periode med politisk arbeid gjennom neste år, og er gjeldande for alle råd og utval, i tillegg til formannskapet og kommunestyret. Møteplanen har allereie vore til handsaming i formannskapet den 27. november.
Forvaltningsrevisjon av Bordgleder Kinn kommune KF
Kontrollutvalet ber kommunestyret om å gjennomføre ein forvaltningsrevisjon av Bordgleder KF for å vurdere om føretaket driv kostnadseffektivt, og ber om ei auke i sitt budsjett på kr. 300 000 til gjennomføring av forvaltningsrevisjonen.
Budsjett, økonomiplan og handlingsprogram 2026 - 2029
Alle dei kommunale føretaka sine budsjett, økonomiplan og handlingsprogram for 2026 - 2029 skal til handsaming i kommunestyret. I tillegg skal politikarane vedta dette for Kinn kommune. Formannskapet vedtok fellesframlegg frå Høgre, Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet i sitt møte den 27. november, som du kan lese her.
Tilskot til politiske parti
Kommunestyret skal vedta ei fordeling av tilskot/partistøtte til dei politiske partia på kr. 160 000 kroner i samsvar med budsjettvedtaket for 2025. Fordelinga av tilskotet vert gjort med 9/10 som stemmestøtte og 1/10 som grunnstøtte. Dette baserer seg på valresultat og oppslutning frå førre kommunestyreval. Fordelinga tar høgde for at Industri- og Næringspartiet er oppløyst.
Parkeringsavgift for fossilfrie bilar
Florø Parkering AS har bedt om endra premiss for fastsetting av parkeringsavgift for fossilfrie bilar i sone 3 i Florø. Bakgrunnen er møte i generalforsamlinga for selskapet den 8. mai, der det vart vist til vedtak i nordre Kinn om innføring av avgift for fossilfrie bilar. Sone 3 består av Hamregata, Markegata mot Evja, Florø ungdomsskule og Florø omsorgssenter. Saka skal til endeleg handsaming i kommunestyret etter han var behandla i formannskapet 27. november.
Fullstendig sakliste og direktesending
Besøk møteplanen vår for å sjå fullstendig sakliste med tilhøyrande dokument. Kommunestyret vert direktesendt frå festsalen i Florø kulturhus frå kl. 9.00 - 15.30.