Fullstendig sakliste og direktesending
Nedanfor kan du gå direkte til saklista og sjå alle sakene med tilhøyrande saksdokument, og lenke til direktesendinga som starter om lag kl. 8.45.
Orienteringssaker
Formannskapet skal mellom anna på synfaring på tomta til Albertatunet, og elles få orientering om følgande saker:
- Investeringar og prosjekt
- Rekneskap for 2025
- Orientering ved Legegruppa SMS/spesialisthelsetenesta
Eigarskapsmelding
Kommunedirektøren har lagt fram ny eigarskapsmelding for Kinn kommune. Meldinga gir ei samla og oppdatert oversikt over kommunen sine eigarinteresser og prinsippa for eigarstyring.
Etter kommunelova skal kommunestyret minst éin gong i kvar valperiode vedta ei eigarskapsmelding. Meldinga skal skildre korleis kommunen utøver eigarskapen sin, kva selskap kommunen har interesser i, og kva føremål eigarskapen skal tene.
Kinn kommune har eigardelar i 30 aksjeselskap, tre interkommunale selskap (IKS) og fire kommunale føretak (KF).
Du kan lese meir om dette i saka som leggast fram for formannskapet.
Administrasjonslokaler i Florø - leigeavtale med kjøpsopsjon
Øklandbygget har dei siste åra vore hovudlokasjonen for storparten av kommunen sin administrasjon i Florø. Leigeavtalen på bygget nærmar seg utløpsdato, og sak om utviding av dagens leigeavtale var først til handsaming i formannskapet 27. november 2025. Saka vert no lagt fram for formannskapet med ein ny avtale som er bearbeidd etter formannskapet sine tidlegare vedtak med følgande framlegg til vedtak: “Kommunestyret godkjenner framforhandla 10-årsavtale om leige, med opsjon på kjøp, slik den ligg føre med 3 år oppseiingstid”.
Vidareføring av samarbeid - Region Fjordane
Fjordane interkommunale politiske råd (IPR) vart etablert for å styrke samarbeidet mellom kommunane i regionen og vere ein politisk arena for samhandling, interessepolitikk og strategisk utvikling. Samarbeidet er forankra i samarbeidsavtalen som vart vedteken i mars 2022, og justert i mars 2024, etter at Høyanger kommune kom med som medlem.
Som ein del av saksførebuinga ved etableringa av Fjordane IPR i 2022 vart det føreslått at regionrådet skulle ha ei prøveperiode på tre år. Etter denne perioden har rådet gjennomført ei evaluering for å vurdere korleis Fjordane IPR fungerer som politisk samarbeidsarena, og korleis organiseringa støttar opp under føremålet med etableringa. I rådsmøtet 31.10.25 var det i rådsmøte semje om vidareføring av Fjordane IPR og at ein ønskjer å sende saka vidare til medlemskommunane for politisk handsaming.
Saka vert lagt fram for formannskapet med framlegg om å vidareføre deltakinga i Fjordane interkommunale politiske råd, og at kommunen godkjenner den reviderte samarbeidsavtalen.
Utgreiingsprogram for mogeleg utnytting av olje- og gassressursar i Cuvettefeltet
Formannskapet skal handsame høyringsuttale til program for konsekvensutgreiing for mogleg utbygging av olje- og gassfunnet Cuvette i nordleg del av Nordsjøen. Kommunedirektøren rår til at Kinn kommune støttar vidare utgreiing av ressursane, inkludert klima-, miljø- og fiskeriverknader.
Du kan lese heile saka i sakslista til formannskapet her.