Tysdag er det møte i formannskapet og finansutvaletLytt til tekstenStopp avspillingTysdag 5. mai er det møte i formannskapet og finansutvalet, og generalforsamling i Florø Parkering. Denne gongen skal dei vere på Eikefjord barne- og ungdomsskule, og startar dagen med synfaring på Nesjane, og deretter orientering og omvising på skulen før dei behandler ordinære saker. Møtet vert sendt direkte via kommuneTV.Formannskapet starter kl. 9.00 - og sendinga starter om lag kl. 10.30, og det er planlagt at finansutvalet starter sitt møte kl. 13.45.Agendaen for dagen ser slik ut8.35 Avreise frå Fugleskjærskaia med taxi9.00 Synfaring Nesjane10.30 Formannskapet12.15 Generalforsamling Florø Parkering AS13.45 Finansutvalet (møtet i finansutvalet startar umiddelbart etter at møtet i formannskapet er avslutta)15.15 Avreise frå Eikefjord med taxiSakliste til formannskapet og finansutvaletDet ligg føre to spørsmål til formannskapet som omhandlar kostnadar med brannstasjonen i Florø, og eit spørsmål om driftsutfordringar i Florøhallen. Elles er det fire vedtakssakerGjøa Subsea Projects - Gjennomført konsekvensutgreiingForsøksordning generell 30 km/t i Måløy - uttale til skiltplanLeigeavtale mellom Stiftinga Havglytt og Kinn kommuneSøknad om stiftingskapital - Norsk HjortesenterSakliste til finansutvalet finn du nedanfor, i følgje planen skal dei også få nokre orienteringar:Forvaltning av konsesjonskraftFinansforvaltningRapport - vedlikehald og oppgradering av kommunale vegarØkonomirapport nr. 2 2026, rammer for 2027-2030 Direktesending Publisert 29.04.2026 07.31 Sist endra 29.04.2026 07.32