Tilskot til frivillige lag og organisasjonar - Kvalheim Kraft og Guleslettene VindkraftLytt til tekstenStopp avspillingFrivillige lag og organisasjonar kan søke om tilskot. Kvalheim Kraft er berre for Måløyregionen, og Guleslettene Vindkraft er berre for Florøregionen. Søknadsfrist er 30. mars 2026.Frivillige lag og organisasjonar i Måløyregionen kan søke om tilskot frå Kvalheim kraft DA. Frivillige lag og organisasjonar i Florøregionen kan søke om tilskot frå Guleslettene Vindkraft AS.Felles for tilskotsordninganeFelles for begge tilskotsordningane er at tilskotet ikkje skal gå til dagleg drift av lag eller organisasjon, men vere eit bidrag til større prosjekt som frivillige lag og organisasjonar ønsker å gjennomføre. Prosjekta skal fremje friluftsliv, fritidsaktivitetar og kulturtilbodet i kommunen.Meir informasjon om tilskotsordninga og søknadsskjema finn du i søknadsskjemaet til kvar tilskotsordning nedanfor.Søknadsfrist: 30. mars 2026.Søknadsskjema: Tilskot frå Kvalheim Kraft DASøknadsskjema: Tilskot frå Guleslettene Vindkraft AS Publisert 25.02.2026 13.47 Sist endra 25.02.2026 13.54