Stort engasjement i 2. gongs høyring av kommuneplanen sin arealdel

Vi har opplevd eit uvanleg stort engasjement i 2. gongs høyring av kommuneplanen sin arealdel. Det har kome inn om lag 220 innspel i denne høyringsrunden, om lag 130 av desse kom inn i løpet av veka med utsett høyringsfrist. Vi er glade for interessa og engasjementet, og for at høyringsperioden vart utvida med ei ekstra veke.

Til samanlikning fekk vi om lag 400 innspel i første høyringsrunde. Det er sjeldan at ei 2. gongs høyring skapar så stor deltaking.

Innspel frå mange hald

Dei fleste innspela kjem frå innbyggarar i kommunen, men det er òg motteke ei rekke innspel frå næringsliv, grendelag, frivillige organisasjonar og interesseorganisasjonar. Mellom desse er både lokale lag og regionale og nasjonale aktørar.

I tillegg har fleire sektormyndigheiter kome med fråsegner og motsegner til planforslaget. Desse peikar mellom anna på forhold knytt til samferdsle, akvakultur, mineralressursar, energianlegg, skredfare og omsyn til fiskeri og naturverdiar.

Kva innspela handlar om

Innspel frå innbyggarar dreier seg i hovudsak om arealbruk på eigne eigedomar, behov for bustader i grender, spørsmål om skred- og fareområde, utnyttingsgrad, naust og omsyn til kulturminne.

Frå næringslivet er det særleg peikt på endringar i areal avsett til akvakultur og ønskje om å vidareføre eller utvide næringsareal. Organisasjonar har mellom anna teke opp tema som bustadpotensial i bygdene, konsekvensar for lokalsamfunn, bruk av eksisterande næringsareal, tilrettelegging for båtplassar og samanhengen mellom klima, natur og arealbruk.

Vidare arbeid og politisk avgjerd

Planavdelinga held på med gjennomgang og handsaming av innspela, men ikkje alle er ferdig vurderte endå. Merknadshandsaminga vil danne grunnlaget for det vidare arbeidet med planforslaget.

Det er til slutt dei folkevalde som tek endeleg avgjerd om kommuneplanen sin arealdel.