Store arkiv på veg til trygg oppbevaring - kan gi lenger svartid på innsynLytt til tekstenStopp avspillingKinn kommune har inngått avtale med Kommunearkivordninga i Vestland (KAV) for å ta vare på eldre papirarkiv frå dei tidlegare kommunane Flora og Vågsøy. Arbeidet med å ordne og bevare arkiva handlar om å sikre viktig historisk dokumentasjon, slik at ho ikkje går tapt, og slik at både innbyggarar og kommunen kan få tilgang til opplysningane i framtida. Totalt skal rundt 350 hyllemeter med papirarkiv sorterast, pakkast og flyttast til arkivdepot. Nedpakking startar i veke 19, og transport til arkivdepot er planlagt i veke 21 og 22. Arkivmaterialet vil vere utilgjengeleg i denne perioden, og også ei tid etter transporten på grunn av utpakking og klargjering hos KAV. Det kan føre til at kommunen i nokre tilfelle ikkje klarer å svare på innsynskrav innan fristen på tre verkedagar. Arkivmaterialet som blir omfatta, gjeld i hovudsak:tekniske arkiv 1920-2019 (prosjektdokumentasjon, branndokumentasjon, VA-dokumentasjon, møtebøker)landbruksarkiv 1965-2018 (konsesjonssaker, hjorteval, møtebøker)formannskapsarkiv 1923-1995 - Vågsøy kommune (sentraladministrasjonen, møtebøker formannskap, møtebøker kommunestyre)Eigedomsarkivet (byggesaker og oppmålingssaker) vil vere tilgjengelege som vanleg. For å sikre raskast mogleg behandling av innsynskrav, oppmodar vi til å bruke kommunen sitt elektroniske skjema Innsynskrav.Vi beklagar ulempene dette kan medføre, og vil behandle innsynskrav så raskt som mogleg. Publisert 08.05.2026 09.04 Sist endra 08.05.2026 10.56