Stor takk til naudetatane etter brannen i Måløy i går

Kommunen ønskjer å rette ein stor takk til alle mannskap som bidrog i innsatsen. Brannvesenet gjorde ein rask og profesjonell sløkkeinnsats under krevjande forhold. Også ambulanse og politi gjorde ein viktig jobb med å sikre liv og helse og handtere situasjonen på ein trygg måte. I denne artikkelen finn du informasjon om kontaktperson i kommunen dersom du har spørsmål.

Det oppstod i går ein kraftig brann i Vengengården i Gate 1 i Måløy. Brannen førte til store skadar på bygget, der delar av takkonstruksjonen kollapsa i leilegheita som var hardast råka. Innsatsen frå naudetatane har vore avgjerande for å få kontroll på situasjonen og ta vare på dei som er ramma.

For førespurnader til kommunen kan du kontakte Linda Myhre Larsen.