Stor beredskapsøving i Måløy 17. septemberLytt til tekstenStopp avspillingTorsdag 17. september blir det omfattande og synleg beredskapsaktivitet i Måløy og nordre del av Vågsøy. Innbyggarar må rekne med å sjå militært personell, væpna politi og utrykkingskøyretøy i samband med øvinga Nordavind 2026.Heimevernet gjennomfører trening i Nordfjord i perioden 12.–20. september 2026. Som ein del av treningsperioden blir den større samvirkeøvinga Nordavind 2026 arrangert i nordre del av Vågsøy og Måløy torsdag 17. september.Under øvinga skal Stad HV-område trene saman med politiet, Helse Førde, Kinn kommune, Måløy legekontor, Kinn brann og redning, Sivilforsvaret og Røde Kors.Mykje synleg aktivitet i Måløy og VågsøyTorsdag 17. september vil det vere omfattande aktivitet i øvingsområda. Publikum kan mellom anna møte militært personell, væpna politi, militære køyretøy og ulike utrykkingskøyretøy.Aktiviteten er ein del av ei planlagd øving, og innbyggjarane treng difor ikkje bli uroa dersom dei ser større beredskapsressursar enn vanleg.Publikum blir oppmoda om å vise omsyn til personellet som deltek i øvinga og halde god avstand til aktiviteten. Torsdag 17. september er oppmodinga særleg tydeleg: Ikkje oppsøk øvingsområda, og følg beskjedar frå politiet, Forsvaret og dei andre beredskapsaktørane. Publisert 11.09.2026 11.56 Sist endra 11.09.2026 11.56