Stenging av Hans Blomgate og status på Albertatunet

Grunna elementmontasje på Albertatunet, vert Hans Blomgate stengt 27., 28., og 31. august i tida 7.30 - 15.30. Entreprenørane set opp gjerde slik at området er fysisk avsperra. Framdriftsplanen er også i rute.

Dei bygningsmessige arbeida er i rute etter framdriftsplanen, og i september vil arbeidet fortsette med resten av kjellarveggane, stålmontasje og holdekkemontasje.

Planlegginga av innreiingsarbeid er i gong slik at ein ivaretek ein mest mogleg saumlaus overgang mellom dei to kontraktane. Lukkast vi med dette vil det vere bra for HMS-arbeidet, kvaliteten på bygget og gi mindre press på trafikkbildet rundt anleggsområdet.