Stein frå Kinn til kunstprosjekt i Regjeringkvartalet!

Kinn kommune ønskjer å vere med på kunstprosjektet i regjeringskvartalet. Kunstverket, med arbeidstittelen Substitute, vil vere eit 800 kvm stort golv. Det er den Berlin-baserte palestinske kunstneren Jumana Manna som har fått oppdraget. I dag har Bortheim Transport henta steinen frå Kinn og skal frakte den vidare. 

Løkkebøsteinen

Kinn kommune har valt ut Løkkebøsteinen, ein lokal stein i kvartsitt. Denne typen stein er mykje nytta i Florøområdet m.a. i trapper til Brandsøyåsen og langs Storevatnet. Det er park/grøntavdelinga v/ Anders Espeset som har gjort dei faglege vurderingane i forhold til val av stein. Løkkebøsteinen er hovudsakleg lys grå, men steinen vi sender er med eit fint raudskjær. Kultursjef Anita Solbakken har inngått avtale med Bortheim Transport om å få frakta steinen. KORO står bak prosjektet både kunstnerisk og økonomisk.

Her kan du lese om prosjektet