Status: Albertatunet per mai månad

I den vestlege delen delen av tomta er fundamentering ferdig, veggstøypar i kjellar er straks ferdig og dei fyrste holdekka er lagt. Montering av stålsøyler og bjelkar har starta i fyrste etasje, og ein vil no kunne sjå omtrent kvar golv i andre og tredje etasje vil kome. Det har så langt i prosjektet ikkje vore alvorlege hendingar, og det blir arbeidd godt med sikkerheit, helse og arbeidsmiljø.

Dette skjer i mai månad

Fundamentering, veggstøypar, søyler og bjelkar vil fortsette i den austlege delen av tomta.

I slutten av mai vil dei siste holdekka over kjellar i den vestlege delen av bygget bli montert. Støyping av sjakter i fyrste etasje vil pågå i mai og litt ut i juni i midten av bygget.

Siste veka i mai vil det pågå boring for stålkjernepelar på nordsida av tomta mot Hans Blomgate, og arbeidet vil medføre noko støy medan arbeidet pågår.

Samtidig pågår konkurransen for innreiingsarbeid, tett bygg og tekniske fag, og det vil i sommar bli klart kven som har vunne siste entreprisen for Albertatunet.