Gå til søknadsskjema for sommarjobb
Kven kan søke?
Er du fødd i 2009, 2010 eller 2011 og ønsker sommarjobb, oppmodar vi deg om å søke. Vi ser etter ungdom som er engasjerte, positive og motiverte for arbeid.
Vi kan tilby
- verdifull arbeidserfaring
- ein trygg og lærerik introduksjon til arbeidslivet
- attest etter avslutta arbeidsperiode
- løn i tråd med gjeldande satsar
Arbeidsplassar
Sommarjobbane er fordelt i kommunale tenester, og dei fleste sommarjobbane har arbeidstid frå kl. 10.00-14.00. Arbeid måndag til fredag, men dette kan avvike noko.
Arbeidsoppgåver kan vere
- praktisk arbeid/reinhald
- arbeid i barnehage
- oppgåver knytt til eldreomsorg og støtte til menneske som treng hjelp
Når du søker, er det ein fordel om du skriv litt om interessene dine og kva type arbeid du kan tenke deg. Det gjer det enklare for oss å finne ein jobb som passar for deg. Vi fordeler arbeidsplassar ut i frå alder, interesse og jobbar vi har tilgjengeleg. Vi prioritetar ungdom som ikkje har hatt jobb tidlegare. Vi har ikkje jobb til alle søkarar, men vi fordeler stillingane så godt det lar seg gjere.
Sommarjobben varer i 3 veker, du kan velge mellom
- Periode 1: veke 26, 27 og 28.
- Periode 2: veke 31, 32 og 33.
Dei som får tilbod om sommarjobb, vil jobbe i éin av periodane.
Anna informasjon, hjelp til å skrive søknad, og søknadsfrist
Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju. Du må søke elektronisk. Søknadsfrist 30. april 2026.
Treng du hjelp til å skrive søknad? Haffen og ungdomsklubben i Måløy hjelper deg.
Haffen
Mandagar og onsdagar kl. 18.30-21.30.
UK i Måløy
Onsdagar kl. 18.00 -21.00.
Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!