Slam kan bli ein viktig ressurs for regionen

Korleis kan slam gå frå å vere eit problem til å bli ein verdifull ressurs? Dette var tema då kommunar, havbruksaktørar, teknologileverandørar, avfallsaktørar og andre fagmiljø frå tidlegare Sogn og Fjordane møttast til workshop 20. mai.

Målet med samlinga var å finne betre løysingar for handtering av både avløpsslam og fiskeslam. Gjennom faglege innlegg og arbeidsøkter drøfta deltakarane utfordringar og moglegheiter knytte til logistikk, teknologi, marknad og samarbeid.

Behov for samarbeid

Eit viktig tema gjennom dagen var korleis offentleg og privat sektor må samarbeide for å lukkast. Deltakarane peika på at betre utnytting av slam kan gi fleire gevinstar som

  • betre ressursutnytting
  • lågare kostnader
  • gevinstar for klima og miljø
  • moglegheiter for lokal verdiskaping og nye arbeidsplassar

Det var stor deltaking og engasjement gjennom heile dagen. Teknisk sjef, Frode Ellingsund, omtala workshopen slik 

- Kinn kommune er godt nøgd med workshop som inneheldt ei rekke gode drøftingar kring moglegheitsrommet knytt til ressursen slam representerer. I samarbeid med næringsliv, teknologibedrifter, kommunar og interkommunale selskaper i regionen kan ein utnytte eit potensial for betre ressursutnytting, forbetring av klima og miljø, reduserte kostnader og lokale arbeidsplassar. Samarbeid er nøkkelordet - ingen kan løyse ut dette potensialet aleine. 

Nye moglegheiter i det grøne skiftet

Stein Kvalsund, dagleg leiar i Hub for Ocean, peikar på at slam kan bli ein viktig del av det grøne skiftet.

– Skal vi lukkast med det grøne skiftet, må vi bli flinkare til å sjå verdi i ressursar som tidlegare har vore rekna som avfall. Slam er eit godt døme på at framtidige løysingar krev både ny teknologi, samarbeid og vilje til å tenkje nytt.

Vidare arbeid

Eit av hovudbodskapa frå workshopen var at ingen aktørar kan løyse utfordringane åleine. Skal ein lukkast med betre utnytting av slam, trengst det samarbeid på tvers av sektorar og fagmiljø.

Diskusjonane peika også på at Hub for Ocean kan ta ei tydelegare rolle som pådrivar og koordinator i det vidare arbeidet. Det kan mellom anna vere å

  • samle relevante aktørar
  • utvikle pilotprosjekt
  • skape oversikt over ressursar og behov
  • bidra til samarbeid om finansiering og forsking

Samtidig er det framleis behov for gode løysingar innan logistikk, marknad og vidare bruk av både avløpsslam og fiskeslam.