Skyss Bestilling - bussen kjem når det passar for deg
Du bestiller bussen til det tidspunktet og frå den staden som passar for deg. Bussen hentar deg der du er, og køyrer deg dit du skal. Du kan for eksempel bestille ein tur dersom du skal på butikken, på trening, til legen eller på besøk. Tilbodet gjeld i eit bestemt nærområde og innanfor ein fast tidsperiode.
Kvar og når kan du reise?
Bussen køyrer i området frå Kvalheim og Oppedal i vest, Raudeberg, Halsør og Vedvik i nord, Holvik i sør og Deknepollen i aust.
Sjå detaljert kart i appen Skyss Bestilling.
Du kan reise
- måndag til fredag mellom kl. 9.00 og 13.30
- måndag til fredag mellom kl. 16.00 og 20.00
Bussen køyrer ikkje på heilagdagar.
Bestillingsfrist
Du kan bestille bussen så tidleg som sju dagar i forvegen, og så seint som 30 minutt før avreise. Dersom fleire skal reise på same tid som deg, kan det bli inntil 15 minutt å vente. Du får informasjon i appen eller på tekstmelding om nøyaktig når bussen kjem. Dersom du ønsker å reise på faste dagar, kan du bestille fleire turar for inntil ein månad fram i tid.
Du kan bestille på ulike måtar
- Last ned appen Skyss Bestilling frå App Store eller Google Play
- Bestill reisa di på bestilling.skyss.no.
- Ring Skyss på 55 55 90 99 måndag–fredag mellom klokka 08.00-17.00.
Når du har bestilt vil du få informasjon om nøyaktig når du blir henta. Dersom mange skal reise samtidig, kan det blir litt ventetid. Dersom du ønsker å reise på faste dagar, kan du bestille fleire turar for inntil ein månad fram i tid.
Les meir
Vil du vite meir kan du lese om tilbodet på Skyss sine heimesider.