Skular og barnehagar held liv i lesinga!

I samband med KinnLes og leselyst satsinga mot barna i oppvekstsektoren, har skulane og barnehagane delt litt informasjon om korleis dei gjer det hos seg. Les bidraga frå skulane og barnehagane i denne artikkelen!

Brandsøy skule

Brandsøy skule avslutta gymtimen med lesing

Under KinnLes ville klassen få logga flest mogelege leseminutt, så vi tok med bøker til gymtimen og avslutta ei aktiv basketøkt med lesing på tøyemattene i gymsalen.

Krokane barnehage

Leselyst i Krokane barnehage - Olavs første skitur

Midt i eit vinterlandskap får boka "Olavs første skitur" stå i sentrum. Rundt boka er det visuell støtte med spor av snø, ski og små figurar som leiar barna inn i forteljinga. Lesestunda blir ei oppleving av ord, bilete og fantasi. Det visuelle og taktile uttrykket inviterte til undring, gjenkjenning og samtaler - og gjorde boka levande og nær for barna

Nepjarhaugen barnehage

I Nepjarhaugen barnehage brukar vi metoden «Leik ei bok» som ein del av arbeidet med leselystsatsinga. Når boka vert ein del av leiken styrkjar det både språkforståing , fantasi og engasjement. Vi les forteljinga saman og barna brukar rolleleik, bevegelsar og språk for å utforske forteljinga på sin måte. Barna får ei aktiv rolle i møte med litteraturen.

KinnLes i Nepjarhaugen barnehage

Vi har stort fokus på å lese med barna og legg til rette for undring, dialog og inkludering. Gjennom leik, relasjonar og gode felles opplevingar skapar vi eit godt grunnlag for språkleg utvikling og varig leseglede!

Skavøypoll skule - 7. klasse

Skavøypoll skule arrangerte bokkafé

7.klasse ved Skavøypoll skule hadde bokcafè i forbindelse med KinnLes. Dei las i ei bok og fortalte klassekameratane om boka og ga anbefalingar. Vi hadde lett servering av kakao og noko lite å bite i. Dette var ei kjekk stund for elevane. 

Florø barneskole

Florø barneskole laga postar av kjende barnebokkarakterar

4B ved Florø Barneskole har laga postar nede på skolen sitt bibliotek av kjende barnebokkarakterar. Elevane måtte skrive bokstaven som var på posten under rett bok på svararket, for så å komme fram til eit løysingsord. Vi inviterte alle på skolen og mange synest dette var veldig kjekt. 

Havrenes barnehage

Havrenes barnehage held fram med fokus på lesing, og som del av KinnLes har vi den siste tida, hatt merksemda på samane sin nasjonaldag, 6 februar. Rammeplan for barnehagar seier at “Alle barnehagar skal synleggjere samisk kultur og medverke til at barn kan utvikle respekt og fellesskapskjensle for det samiske mangfaldet”.   

Høgtlesing i Havrenes barnehage


Vi har god tilgang til bøker med samiske eventyr og forteljingar, som t.d  “Árrangáttis Árrangáddái – fortellinger fra stjernehimmelen og andre samiske eventyr”. Det blir lese både i planlagte lesestunder og spontant, og ungane synest desse historiane er kjempespennande. 

Vi lagar miljø både inne og ute, med element frå samisk kultur slik at barna leike dei nye inntrykka dei har fått. Mellom anna har vi eit eige reinsdyr, “Sikka”, som vi øvar oss å kaste lasso på, og vi dreg på "tur” med i sleden bak reinsdyret. Det vi har høyrt og lært kjem også til uttrykk gjennom kreativitet i form og farge. 

På nasjonaldagen, flaggar vi med det samiske flagget og har ulike leikeaktivitetar ute, slik vi også har 16. mai då vi feirar Florø by sin bursdag og Noreg sin nasjonaldag her i barnehagen.

Skram skole

Vi har noen flinke elevbibliotekarer på Skram skole som har engasjert seg i biblioteket vårt og i nye spennende bøker. De har søkt på jobb som elevbibliotekarer og er gode rollemodeller for de andre elevene når det gjelder lesing.

Elevbibliotekarane på Skram skole; bak frå venstre Erle Rutledal, Vetle Itland. Foran frå venstre Mina Barmen Søvdsnes, Filip Nygård Sørstrand og Selma Solvang

Vi har representanter fra 3. trinn til og med 6. trinn som er elevbibliotekarer. Selma Solvang 3. trinn, Filip Nygård Sørstrand og Mina Barmen Søvdsnes 4. trinn, Vetle Itland 5. trinn og Erle Rutledal 6. trinn.

Elevbibliotekarene har også fått opp en ønskekasse på nye bøker som henger ved inngangen til skolebiblioteket vårt. Elevene har også fått være de første til å lese noen nye bøker og de har skrive bokanmeldelse på bøker de har lest. Som lønn for jobben de gjør er de lovet gavekort på bøker til sommeren.

7. trinnet hos oss er engasjert med Trivselspatrulje i friminuttene. De leder ulike aktiviteter og leker både inne og ute.

I Kinn Les perioden har de også hatt trivselspatruljelesing i storfriminuttene, som har vært populært blant mange elever.

Heidi Bjørnholm er primus motor for elevbibliotekarordningen på skolen vår. Heidi har lagt ned et stort arbeid for å få frem bøker som treffer elevene. Hun er kontaktlærer på 4. trinn, medlem i skolemiljøteamet og har et ansvar på skolebiblioteket vårt.

Skolen jobber på flere måter å få opp både leselysten og lesekondisen til alle elevene våre. Engasjementet er stort både på skole og SFO.

Skavøypoll barnehage

Barnehagen skal lese og inspirere til økt høgtlesing både heime og i barnehagen. I barnehagen formidlar vi bøker på ulike måtar, og vi brukar mykje konkretar i formidlinga av litteratur. I Skavøypoll barnehage har vi i forbindelse med satsinga KinnLes ulike utstillingar av korleis vi arbeidar med barnebøkene, og kva bøker vi brukar. 

KinnLes i Skavøypoll barnehage

Det er laga boktre som viser bøkene som blir brukt mest på avdelinga. Det blir laga utstilling av kva bok er brukt i dagens samling, der det og blir satt fram konkretar eller anna for å vise kva formidlingsform som vart brukt. Nokre bøker har barna jobba med over tid, der ein kan sjå temaarbeid om boka gå igjen på avdelingane. 

Barna viser ivrig kva bøker dei likar, og fortel kva bøkene handlar om. Bøker som blir lest mykje ser vi igjen i leiken. I samarbeid med biblioteket tilbyr vi utlån av bokposar, noko som er veldig populært. Boka har ein stor plass i kvardagen vår. 

Furuhaugane barnehage

I Furuhaugane Barnehage står formidling av bøker, fortellinger og eventyr i fokus. Vi legg stor vekt på at alle barn skal få oppleve spenning og glede ved høgtlesning og formidling. Vi har engasjerte og kreative voksne som bruker ulike formidlingsformer for å inkludere alle barna i språkbadet som foregår. Ved å lese bøker, eventyr og andre fortellinger, vise bilder, fortelle ved bruk av konkreter, lyd og lyseffekter, dramatisere og snakke om innholdet i bøkene, så ser vi innholdet i bøkene igjen i barnas uformelle leik, og i barnas rolleleik. Gjentaking av bøker og fortellinger gjer at barna kan gjenkjenne situasjoner og forstå innholdet i bøkene. 

Leselyst på avdelding Lillebror i Furuhaugane barnehage

I Rammeplanen for barnehagen (Udir, 2017:48) står det følgande: I barnehagen skal barna få erfare ulike måta å formidle tekstar og forteljingar på, som kjelde til estetiske opplevingar, kunnskap, refleksjon og møte med språk og kultur.

Det lesast i samlinger, spontant, i kvilestunder, under måltid, i frileiken og som inspirasjon til gruppeaktiviteter. Alle avdelingane har bøker synlig og tilgjengelig for barna i fleire rom, slik at det skal være lett for barna å kunne be om å bli lest for. Men og for at barna skal kunne sitte å «lese» og utforske bøkene på eiga hand. Og så er det ekstra kjekt for oss voksne å sjå barna si glede over bøkene, og at barna sjølv organiserer ei samling og har lesestund med «høgtlesing» for kvarandre. 

Skavøypoll skule - leseglede i 1. klasse

Meir leseglede på Skavøypoll skule

Kva er vel betre enn at lærarane set av god tid til å lese spennande og tilpassa bøker for dei minste på skulen? Vi har fokus på å ha bøker tilgjengeleg, vi les høgt for barna kvar dag, vi skjermer barna frå skjermen og lesing er blitt ein naturleg del av kvardagen. 

Eikefjord skule

I løpet av KinnLes har vi gjort mange kjekke aktivitetar på skulen! Turar på biblioteket, trivelege lesekrokar rundt om på skulen og høgtlesing for store og små, både inne og ute. 

Vi har hatt tverrfaglege prosjekt, som har kombinert lesing, skriving og kunst og handverk. Eksempelvis har elevane i 3. & 4. klasse fordjupa seg i den første boka om Mummitrollet og laga sine eigne mummitroll. 6. & 7. klasse har fordjupa seg i fantasy-sjangeren og lagar kart over si eiga fantasiverd, skildrar området og skal i gang med å skrive si eiga fortelling knytt til den verda. 

Kvar fredag har vi hatt ei felles samling, der vi har oppsummert leseveka som har gått, sett kor mykje leseormen har vokst (den vart nesten 50 meter!), fått bokanbefalingar frå både vaksne og elevar, samt at vi har fått ein ny ledetråd til mysteriet «kva karakter har Birthe kledd seg ut som». 

Eikefjord skule dramatiserte to skodespel under KinnLes

Vi starta og avslutta KinnLes med at lærarane dramatiserte to skodespel for elevane, først «Gullhår og dei tre bjørnane» og avslutningsvis med «Prinsesse Vilikke» av Thorbjørn Egner.

Storevatn barnehage

Når dei minste vaknar frå kvilen, brukar vi den rolege stunda til lesing og kvalitetstid saman. Dette har blitt ein fin rutine der barna får sitje tett på ein vaksen, slappe av og nyte ei god bok.

Storevatn barnehage held ekstra fokus på leselyst

Barna trivst veldig godt med å finne eigne bøker dei har lyst til å bla i og lese. På avdelingane har vi bygd opp miljø som er fulle av tema, fargar og inspirasjon, slik at bøkene blir ein naturleg del av leiken og dagen.

Målet vårt er at barna skal oppleve glede over bøker og historier – og kjenne at lesing er både kjekt, trygt og spennande.