Ordførar Bengt Solheim-Olsen, kommunedirektør Øyvind Bang-Olsen og prosjektleiar Vidar Andersen frå Kinn kommune var til stade for å markere dagen saman med dei som arbeider på byggeplassen. Det vart kake og brus – og ein stor takk til alle som så langt har bidrege i prosjektet.
Sjå bilete frå den nye skulen
Vi har teke turen inn på byggeplassen. I biletalbumet kan du sjå kor langt arbeidet har kome, og få eit innblikk i korleis den nye Skram skole tek form.
Kva betyr det at bygget er tett?
At eit bygg er «tett», betyr i hovudsak at tak, ytterveggar, vindauge og dører er på plass slik at bygget er verna mot vêr og vind. Det er ein viktig milepæl i eit stort byggeprosjekt, fordi mykje av arbeidet innvendig kan gjennomførast uavhengig av vêret.
På Skram skole er arbeidet med mellom anna ventilasjon, vatn og avløp og elektriske installasjonar godt i gang. På same tid held arbeidet fram utvendig. Fasaden skal ferdigstillast, og etter planen vil dette arbeidet gå føre seg dei neste fire månadene.
Prosjektet er framleis i rute mot ferdigstilling i 2027.
– Ei investering for framtida
Ordførar Bengt Solheim-Olsen nytta markeringa til å takke handverkarane, entreprenørane og dei kommunalt tilsette som er involverte i prosjektet.
– Dette er ein viktig milepæl. Om eitt år vil vi knapt kjenne igjen byggeplassen slik han ser ut i dag. Vi gler oss til å sjå det ferdige resultatet neste år – og ikkje minst til ein stor happening den dagen vi kan opne dørene til den nye skulen, seier ein særs nøgd ordførar.
Han peikar på at den nye skulen er ei langsiktig investering for Måløy og komande generasjonar.
– Skram skole skal stå her og tene lokalsamfunnet i mange tiår framover. Målet er å skape gode rammer for både elevar og tilsette, og ein skule som er rusta for framtidas opplæring.
Etter ei kort pause med kake og brus var det tilbake til arbeidet på byggeplassen.
Ein ny skule på ein historisk stad
Skram skole har vore ein viktig del av Måløy i over hundre år. Den gamle skulen opna i 1920, og generasjonar av elevar har hatt skulekvardagen sin her. For mange i Måløy er det difor sterke minne og stor lokal tilknyting til staden der den nye skulen no tek form.
Samtidig skal den nye Skram skole representere noko nytt.
Bygget får tegl som ein viktig del av fasaden, og uteområda skal opparbeidast med grøne areal og område for læring, leik og opphald. Når skulen står ferdig, vil både bygget og uteområdet sette eit tydeleg preg på Måløy by.
Kva skjer vidare?
Sjølv om bygget no er tett, står det framleis mykje arbeid igjen før skulen er klar til bruk. I tida framover vil stadig meir av aktiviteten flytte seg inn i bygget. Tekniske installasjonar skal på plass, rom og fellesareal skal ferdigstillast, og overflater og fast inventar skal monterast.
Utvendig skal mellom anna fasaden ferdigstillast, før arbeidet med uteområda etter kvart kjem stadig meir til syne.
Mot slutten av byggeperioden skal dei tekniske anlegga testast og bygget kontrollerast før det kan takast i bruk. Etter planen står nye Skram skole ferdig til bruk til neste skuleår, august 2027.