Simen er tilsett som musikkterapeut i Famililehjelpa! Velkomen!

Med stort engasjement for musikkterapifaget og musikk er det med glede at musikkterapeut Simen Lagesen Krogstie har takka ja til prosjektstilling som musikkterapeut i Familiehjelpa. Målet er å gje born, unge og familiar eit nytt verktøy for meistring, meining og trivsel. 

Familiehjelpa utvidar tilbodet sitt til òg å gjelde musikkterapi. Dette let seg gjere ved at vi har fått prosjektmidlar frå Statsforvaltaren i Vestland.

Simen Lagesen Krogstie er utdanna musikkterapeut frå Universitetet i Bergen og kjem no frå stilling i Vestland fylkeskommune. Simen har ein spennande bakgrunn og vi ser fram til å få hans kompetanse og engasjement inn i Kinn kommune. 

Musikkterapi kan bidra til å styrke relasjonar, bearbeide kjensler og auka meistring i kvardagen. I Familiehjelpa vert tilbodet tilpassa den einskilde sine behov, anten det er samspel, lytting, låtskriving eller samtale. Lagesen Krogstie tek til i stillinga 1. september. Velkomen til oss!